SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 157 skann 159

157 Generelt Språkutviklinga spelar ei viktig rolle for kva sjølvbilete elevane utviklar. Undervisninga må ta omsyn til at elevane til dagleg lever med to språk og to kulturar som er likeverdige. Arbeidet med faget norsk må leggjast til rette slik at det fremjar forståing for kor verdifullt det er å lære to språk som ein del av den allmenne kulturorienteringa. Der det fell naturleg og kan vere til hjelp for elevane, bør læraren vise til likskapar og skilnader mellom dei to språka. Det kan vere nyttig til dømes i språklære, når elevane skal lære ulike språklege verkemiddel og om ulike litterære sjangrar. Det er viktig at læraren i slike samanhengar formidlar verdien og vinninga ved å ha del i to språk og to kulturar. Tverrfagleg arbeid kan vere med på å gje slike positive røynsler og styrkje språkleg toleranse. Munnleg bruk av språket Læraren bør vere merksam på at elevar i samisktalande miljø ofte bruker norsk i andre samanhengar enn barn frå eittspråklege område. Derfor er det viktig at desse elevane får dekt behovet sitt for aktiv munnleg samtaletrening om ulike emne, og får arbeide med konkrete og livsnære situasjonar. Litteratur Litteraturutvalet må gje høve til identifikasjon og oppleving. Tekstutvalet må ta omsyn til den kulturelle bakgrunnen til barna, og må gje dei sjanse til å utvikle eit positivt tilhøve til identiteten både som same og som norsk statsborgar. Elevane skal mellom anna og lese litteratur som er omsett frå samisk til norsk. Dei bør arbeide med innhaldet i fablar, eventyr og segner i dei to kulturane. Verdien av munnleg litterær tradisjon i samisk kultur må kome klart fram. Slik vil elevane lære korleis litteraturen kan vere med på å skape forståing og respekt for ein annan kultur. Det er viktig at elevane vert kjende med ulike språklege og geografiske miljø i landet. Men bruk av litterære tekstar på norsk sidemål vil i mindre grad falle naturleg for denne elevgruppa. Medium Media som språkleg maktfaktor med omsyn til bruken av samisk i forhold til norsk i massemedia skal understrekast. Det er viktig at elevane arbeider aktivt med å forstå korleis media påverkar haldningar til språk. Sidemålet Det er laga eigen fag- og timefordelingsplan for elevar som får opplæring i samisk som andrespråk (jf. kapittel 13). Desse elevane er i prinsippet fritekne for opplæring i norsk sidemål. Vurdering Vurderinga må ta omsyn til at elevane arbeider med eit fyrstespråk og eit andrespråk i skolen. Vurderinga må føregå i forhold til den ramma denne rettleiinga gjev, og i forhold til gjeldande fag- og timefordeling.
Skann 159 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 157». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/159/