SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 13 skann 15

13 ELVERUM LÆRERHØGSKOLI iIBLIOTEKET Åndsfridom og toleranse er forpliktande ideal når skolen tek religiøse, etiske, sosiale og politiske spørsmål opp til drøfting, og elles på alle område der det er ulike meiningar. Det vil ikkje seie at alt skal reknast som like sant, eller at alle standpunkt har same krav på plass i skolen. Ved å vere eit føredøme og gjennom rettleiing skal skolen vere med på å utvikle ei vidsynt og tolerant haldning hjå elevane. Men skolen kan ikkje stille seg utanfor all debatt eller vere utan standpunkt. Det er i røynda nødvendig at skolen representerer visse verdiar og meiningar dersom forventninga om åndsfridom og toleranse skal ha noka meining. Verdinøytralitet ville gjere oppseding og undervisning umogleg. Elevane må lære at eit personleg standpunkt ikkje er til hinder for å vise respekt for andre. Det er fyrst når ein sjølv er engasjert at toleranseidealet kan verte utfordrande og forpliktande. Dei demokratiske verdiane må prege det daglege arbeidet i skolen. Livet og arbeidet i skolen må vere slik at alle lærer å respektere kvarandre og samarbeide sjølv om dei er ulike. Medansvar og medstyring må verte ein naturleg del av samarbeidet. Prinsippa om likeverd og jamstelling må realiserast i skolekvardagen. Likeverd og jamstelling gjeld alle elevar, utan omsyn til personlege føresetnader, kjønn, hudfarge, sosial, kulturell eller religiøs bakgrunn. Skolen må arbeide aktivt mot diskriminerande haldningar overfor grupper av elevar eller einskildelevar. Det er ei særleg oppgåve for skolen å oppdra elevane til å kunne forstå og kjenne fellesskap med minoritetsgrupper i vårt eige land og med menneske i andre land. Gutar og jenter skal vere jamstelte på alle område i skolen, og skolen skal leggje forholda slik til rette at alle elevar får realisere evnene sine uavhengig av kjønn. Den haldningsskapande sida ved jamstellingsarbeidet skal gjennomsyre både innhald og arbeidsformer i skolen, og må også prege dei læremidla skolen bruker. Skolen skal fremje verdiar som er grunnleggjande for vitskapleg arbeid og engasjement. Gjennom døme, rettleiing og eit stimulerande arbeidsmiljø skal skolen utfordre elevane sin fantasi og iver når det gjeld å stille spørsmål og søkje svar. Det er eit ideal å danne sjølvstendige meiningar bygde på kunnskap, innsikt og kritisk vurdering. Det er eit mål for skolen å vise elevane korleis menneskeleg leiting etter kunnskap og innsikt på ulike område i naturen, i menneskelivet og i samfunnslivet, i historie, språk, kunst og teknikk har skapt varige verdiar. Den spørjande og systematiske tilnærminga til ulike fenomen og hendingar i tilværet kjenneteiknar dette arbeidet. Oppleving av estetiske verdiar gjennom ulike former for Kunst må stå sentralt i skolen både i kvardag og fest. Skolen må føre elevane inn i den kulturelle tradisjonen vår og engasjere dei i gjenskapande og skapande arbeid. I ulike fag bør barn og unge møte kunstnarlege uttrykk og verte utfordra til å ta i bruk eigne skapande krefter. Det er viktig for trivsel og læring i skolemiljøet. Det utfordrar kvar elev til å utvikle dei skapande anlegga sine, varleiken og opplevingsevna. Dette hjelper dei til å byggje opp eigen identitet. Elevane må verte klare over korleis menneske åleine og i fellesskap er med på å forme tilværet sitt, samfunnet og kulturen sin. Elevane må få hjelp til å sjå heile kulturarven vår i samanheng, slik at dei får ei klarare forståing av seg sjølv i den kulturen og det samfunnet dei lever i. Å forstå eigen identitet er eit vilkår for å kunne gjere meiningsfylte val i spørsmål som er særleg viktige for framtida til kvar einskild.
Skann 15 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 13». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/15/