SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 155 skann 157

155 Tale: Gje uttrykk for tankar, kjensler og meiningar. Samtalar om film, medieprogram. Framføre dikt, leggje fram meiningar, diskutere. Lese: Lese bruksrettleiingar, avisartiklar, litteratur. Tekstanalyse. SKRIFTLEG BRUK AV SPRÅKET Undervisninga i skriftleg bruk av samisk skal vere til støtte for den munnlege opplæringa, og byggje på eit utvikla munnleg språk, særleg frå mellomsteget. Elevane skal utvikle skriftleg dugleik for ulike praktiske formål. I starten legg ein vekt på naturleg, forståeleg og spontan bruk av språket meir enn på ortografi og formelle reglar. Det same stoffet bør elevane etter kvart arbeide med både munnleg og skriftleg, slik at dei utviklar nyanserte framstellingsevner. 4.-6. klasse Bundne skriftlege øvingar: Avskrift. Skrive setningar til riktig bilete og setje inn riktige ord i setningar. Fri skriving: Elevane skriv korte forteljingar, dikt og brev. Elevane bør lære å få fram innhaldet klart. Rettskriving: Etter kvart som elevane lærer nye lydar, bør dei og få sjå korleis dei skal skrivast. Det er nyttig at elevane lærer å skrive rett, men det må ikkje kome framfor munnleg bruk av språket elles. Når elevane øver inn rettskriving, kan dei bruke ordliste. Når ein rettar det skriftlege arbeidet til elevane, bør ein fyrst og fremst rette ordbøyingar og ikkje skrivefeil dersom innhaldet elles er klart. 7.-9. klasse Bundne skriveøvingar: Etter kvart meir vekt på dei viktigaste grammatiske momenta. Korrekt språkbruk i formelle samanhengar: skrive brev, fylle ut blankettar, skrive søknader. Fri skriving: Skrive notat, referat, kommentarar, faktaskildringar, skriving i ulike sjangrar. Rettskriving: Meir vekt på rettskriving enn på barnesteget. Bruk av ordliste: Som 4.-6. klasse SPRÅKLÆRE Arbeidet med språklæra skal tene den aktive bruken av språket. Arbeidet med språklæra kan gjerast naturleg og meiningsfylt ved at det vert knytt til kommunikasjon og arbeid med ulike tekstar i samband med undervisninga i faget elles. Språklæra hjelper elevane til å forstå korleis ein bruker språket for å få heilskap, samanheng og uttrykkskraft i ulike språksituasjonar og i ulike tekstar. Språklæra skal vere med på å gje elevane betre dugleik i å forstå og uttrykkje seg både munnleg og skriftleg. Elevane får etter kvart kjennskap til sentrale grammatiske moment som gjev innsikt i strukturen i det samiske språket, og innsikt i likskapar og skilnader mellom samisk og norsk. Språklæra skal samordnast med arbeidet med det same hovudemnet i fyrstespråket. 3.-6. klasse Lydlære: Språklyd og bokstav, diftong, diftongforenkling, diftongendring, veksling mellom sentralkonsonantane, korte og lange vokalar. Ord, orddelar, ordformer: Ordtilfang, ordval, ordbøying. Enkel innføring i kasus.
Skann 157 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 155». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/157/