SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 154 skann 156

154 Opplæring i andrespråket skal gje elevane betre forståing for språk- og kulturbakgrunnen til einannan. Ein har freista å sjå faget i ein samfunnssamanheng. Gjennom faget vil ein freiste å skape ei positiv haldning til samisk i samfunnet. Påverknaden frå norske medium er enormt stor på språk som har ei svakare stilling i samfunnet. Derfor er det viktig at ein motverkar dette gjennom opplæringa i samisk. Eit av formåla med opplæringa i samisk er å verne og fremje forteljartradisjonane og dei ulike samiske dialektane. Det er viktig å bruke samisk originallitteratur i den munnlege opplæringa. Hovudemne og delemne MUNNLEG BRUK AV SPRÅKET Det er svært viktig at barna torer bruke munnleg det dei lærer. Dei må lære heile setningar og ikkje lausrivne ord. Til å byrje med bør elevane lære eit lett, daglegdags språk. Det er ikkje naudsynt å lære heile ordrikdommen samstundes, som til dømes naturord og reindriftsord. Elevane bør fyrst lære dei vanlegaste orda. (2.-) 3. klasse Lytte: Lytte til forskjellige personar i ulike konkrete samanhengar (variasjon av lyd, bilete, situasjon og person). Lytte til læraren, medelevar, lydband, video. Forstå: Meining vert kopla til ord, uttrykk, setningar. Konkrete ord, enkle setningar frå dagleglivet. Konkretisere med ting, biletmateriale, rollespel. Vekt på bodskapen. Nye ord og vendingar vert presenterte i kjende samanhengar. Tale: Mest bundne taleøvingar. Imitasjon. Byggje opp taleøvingane systematisk, meiningsfylt, interessevekkjande. Leggje vekt på uttale og intonasjon frå starten. Tale- og samtaleøvingar frå ulike livsområde i ulike konkrete situasjonar, i starten mest bundne. Spørsmål, svar, dialogar, rollespel, songar. Lese: Arbeidet med tekstar og litteratur er avhengig av kor flinke elevane er til å lese på fyrstespråket. Både høgtlesing og stillelesing skal øvast. Vekt på innhaldsforståing. Knyte tekst til bilete. Dialogar, teikneseriar, korte enkle tekstar, rim, regler. 4.-6. klasse Lytte: Som (2.-) 3. klasse. Forstå: Utviding av ordtilfanget. Vekt på bodskapen i tekstar med stigande vanskegrad. Tale: Etter kvart friare taleøvingar. Samtale om eigne røynsler, opplevingar. Fortelje, skildre. Samtale om forteljingar av andre, bilete, tekstar. Dramatisere. Lese: Lesing og analyse av tekstar med stigande vanskegrad. Vekt på innhaldsforståing. Skilt, oppslag, dikt, forteljingar. 7.-9. klasse Lytte: Lytte til ulike dialektar. Forstå: Ordtilfanget vert utvida. Ulik språkbruk i ulike samanhengar. Analyse av tekstar, radio- og tv-program, avdekkje skjult meining som ledd i oppøving av kritisk evne.
Skann 156 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 154». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/156/