SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 153 skann 155

153 fornorskinga. Den eldre generasjonen kan framleis språket, men av fleire grunnar har dei ikkje snakka samisk til barna sine. Denne språksituasjonen er svært vanleg i sjøsamiske område i dei nordlegaste fylka. Ein liknande situasjon finn ein og i lulesamiske og sørsamiske område. Andre elevar bur i norsk miljø. Gjennom foreldra sine har dei fått kjennskap til samisk og kan ein del samisk. Somme elevar har ikkje nokon kjennskap til samisk, men ønskjer sterkt å lære språket. Dei må få opplæring frå grunnen av. Elevar som får opplæring i norsk som morsmål, kan få opplæring i samisk som andrespråk frå 2. eller 3. klasse. Gjennom opplæringa i norsk har elevane fått grunnleggjande kunnskapar og dugleik som er nødvendig for å lære fleire språk. Planen er delt inn i fire hovudemne med skildringar og delemne. Delemna skal vere rettleiande, og stikkorda gjev døme for undervisninga. Planen skal setje rammer for undervisninga og gje tankar som ein kan byggje undervisninga på. Skal ein lære eit framandt språk, er det viktig å få mykje munnleg trening. Derfor har den munnlege undervisninga fått stor plass i planen. Det er naturleg å peike på framgangen i faget og gje rettleiing om den. Arbeidsmåtar som er nemnde, høver til alle klassesteg. Når planen har fått den utforminga, er det for at opplæringa skal stå i forhold til evnene og kunnskapsbakgrunnen til elevane. Det er viktig at foreldra får opplysningar om hovudtankane i planen, og at dei får kjennskap til faget på ein positiv måte, til dømes om kva nytte barna kan få av undervisninga, og at ho er til fordel for dei. For at undervisninga skal lukkast, må faglærarar ta omsyn til formålet og målet i planen. Det er dessutan nødvendig at lærarane og skoleleiinga ser positivt på faget. Samisk må få dei same arbeidsvilkåra som dei andre faga i skolen, slik at opplæringa i samisk vert tilrettelagd på beste måte. Arbeidsmåtar Hovudformålet er at elevane skal lære å snakke og forstå samisk. Meininga er at elevane skal øve på å kommunisere med andre menneske. Ved å bruke språket i ulike samanhengar både munnleg og skriftleg får barna kunnskapar i språket og om språket. Det er viktig at elevane får øving i å utrykkje seg på samisk, slik at dei skjønar at ein kan gje uttrykk for tankar, meiningar og ønske gjennom språket. Andrespråket skal elevane lære etter metodar som vert brukte i framandspråkopplæringa. På barnesteget skal språkøvingane for det meste vere munnlege, både fastlagde og frie øvingar. Til hjelp kan ein bruke ting, dokker, dramatisering, bilete og lydband. Det er viktig å snakke om ting og emne som barna kjenner og er interesserte i. Opplæringa skal og skje gjennom songar, setningar, leikar og skodespel. Elevane kan arbeide med ulike læremiddel, kvar for seg, to og to eller i grupper. Arbeidsmåtane må veksle og gjerast interessante for elevane. På byrjarsteget har elevane ulik kunnskap om det samiske samfunnet. Det krev at det er samarbeid mellom faget samisk, orienteringsfag og samfunnsfag, slik at elevane samtidig med undervisninga i samisk språk lærer om samiske område og samiske dialektar. Rett informasjon vil rydde bort fordommar, og det vil gje elevane nødvendig grunnlag og motivasjon for å arbeide flittig med faget.
Skann 155 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 153». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/155/