SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 152 skann 154

152 7.-9. luohkkå Lohkat, guldalit, cåjåhallat: Suonaid, hoahkamiid, låvlagiid, måidnasiid. Dra matiseret. Cuodjalit ja jaskadit lohkat. Ipmirdit man birra lea såhka. Teakstacoakkåldat: lesgudet lågån teavsttat: Noveallat, muitalusat, divttat, mai nåid- ja nuoraid girjjålasvuohta (sihke cielga såmi girjjålasvuohta ja jorgaluv von). Bargat girjjålasvuodain mångga faga oktavuodas. Girjjålasvuoda historja: Såmi girjecållit ovdal ja dal. Ovdåneapmi sihke njålm målas ja cålas årbevirolasvuodas. Samisk som andrespråk Eit tospråkleg samfunn krev deltakarar med aktive kunnskapar i begge språk. Samisk som andrespråk er eit fag som gjev elevane kunnskapar og dugleik i å meistre bruk av samisk språk i ulike samanhengar. Gjennom arbeidet med faget utviklar elevane praktiske og funksjonelle kunnskapar i samisk. Slik lærer eleven å meistre både formelle og uformelle situasjonar i dagleglivet. Såleis får elevane ein grundig kjennskap til dei språka som vert brukte i miljøet. Det fører til at elevane kjenner seg tryggare. Det fremjar og kjensla av tryggleik i forhold til andre. Fellesskapet mellom menneska vert smidigare og gjevande for alle. Kunnskapar i samisk opnar for større forståing og respekt for andre kulturar. Mål Undervisninga i samisk som andrespråk skal ta sikte på - å lære elevane å forstå og verte forstått på samisk og kunne bruke samisk godt som dagleg språk å hjelpe elevane til å lære seg samisk med positive kjensler og bruke språket med frimod - å lære elevane å skrive samisk når det munnlege språket har festa seg å gje elevane kjennskap til andre samiske dialektar å gje grunnlag for å ta vidaregåande opplæring i samisk å gjere elevane kjende med dei utfordringane og vanskane som oppstår når ein skal bruke eit anna språk enn morsmålet Lærestoff og progresjon Elevar på same klassesteget kan ha ulik språkbakgrunn. Det er både viktig og nyttig for læraren å ha kjennskap til dette. Då vert det lettare å forstå språksituasjonen til elevane, og læraren kan betre leggje opp undervisninga i forhold til kva bakgrunn og evner barna har. Mange av dei som får opplæring i samisk som andrespråk, er oppvaksne i eit tospråkleg miljø. Dei er vane med å høyre samisk dagleg og forstår språket godt, men dei kan likevel ikkje snakke samisk. Andre elevar bur i område der språket er i ferd med å verte borte på grunn av
Skann 154 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 152». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/154/