SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 12 skann 14

12 deltaking i kulturelle og sosiale aktivitetar som kan kome den einskilde eleven, skolen og nærmiljøet til gode. Det er skolen si oppgåve å gje likeverdige tilbod til alle. Etter norsk lovgjeving har foreldra hovudansvaret for oppsedinga og undervisninga av barna sine. Skolen skal utøve oppdragaransvaret sitt i forståing og samarbeid med heimen, slik det står i formålsparagrafen. Det krev eit godt og nært samarbeid mellom skole og heim. Spørsmål og oppgåver i samband med dette er spesielt omtala i kapittel 9. Verdiar skolen byggjer på - og skal formidle I undervisninga og aktivitetane sine skal skolen byggje på grunnleggjande verdiar i kulturen vår. Desse verdiane er på ein særleg måte knytte til kristen tru og moral, menneskerettane, dei demokratiske ideane og vitskapleg tenkjemåte og metode. Den summen av røynsle og innsikt som folket vårt har fått gjennom tru, sed og skikk, kunst og dikting, vitskap og teknikk, og som er nedfelt i samfunnsinstitusjonane, står sentralt i den kulturarven som skolen skal føre vidare. Den kulturen som kjem fram i arbeidslivet, i organisasjonane og i dei folkelege tradisjonane som er knytte til lokalsamfunnet i bygd og by, er også ein sentral del av den røynsla skolen skal formidle. Det menneskesynet og dei demokratiske og rettslege ideala som er knytte til respekten for menneskeverdet og oppfatninga av at alle menneske er likeverdige, er grunnleggjande for arbeidet i skolen. Det er viktig for skolen å formidle desse verdiane i ein historisk samanheng og aktualisere dei. Grunnskolen skal som heilskap byggje på dei etiske grunnverdiane som er forankra i kristendommen. Målet må vere at grunnverdiar som sanning, rettferd, truskap, nestekjærleik, solidaritet, ansvar og toleranse får prege arbeidet i skolen på ein slik måte at elevane sjølv kan ta til seg desse verdiane. Kristendommen som kulturfaktor er viktig for alt som skjer i skolen, og kjem konkret til uttrykk i fleire av skolefaga. Kulturverdiar som er knytte til religiøse tradisjonar, høgtider, kunstnarlege uttrykk, fellesskapsformer og omsorgsprega tenester i samfunnet, går inn i den kulturarven som alle elevar må verte kjende med i grunnskolen. Skolen skal byggje på grunnleggjande demokratiske og menneskerettslege verdiar. Rettsvern, religionsfridom, organisasjonsfridom og ytringsfridom er sentrale i denne samanhengen. Det same gjeld til dømes retten til mat, arbeid og utdanning. Desse rettsprinsippa har Noreg forplikta seg på i internasjonale avtalar og fråsegner. Den mest grunnleggjande verdien i denne samanhengen er trua på at mennesket har uendeleg verdi, og at alle menneske er likeverdige. Her møtest kristen etikk og sentrale tankar i den humanistiske tradisjonen som har prega kulturen vår og påverka utforminga av lovene og samfunnsinstitusjonane våre. Med dette utgangspunktet skal skolen fremje respekten for menneskeverdet og for at alle har rett til å leve i fridom og fred. Det gjev grunnlag for globalt samarbeid, forståing og toleranse over kulturgrensene. Skolen skal fremje åndsfridom og toleranse. Åndsfridom inneber respekt for at kvart menneske har rett til å tenkje og handle etter si eiga overtyding. Toleranse inneber at ein viser andre menneske den same respekten som ein ønskjer for seg sjølv, og at ein godtek den retten andre har til å stå for eit anna syn enn det ein sjølv eller fleirtalet har.
Skann 14 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 12». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/14/