SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 145 skann 147

1.-3. klasse 145 Biletbruk og biletanalyse: Samtale om bilete. Vurdere innhaldet i bilete frå medium som aviser, biletbøker, video o.a. Arbeid med ulike medium: Biletbøker, levande bilete (fjernsyn, video, film) vekeblad, lydband, aviser. Innverknaden av media i samfunnet: Nyhende, informasjon, opplæring, meiningar. Fritid, reklame. 4.-6. klasse Biletbruk og biletanalyse: Samtale om bilete. Vurdere bilete, innhald, bruk samanheng mellom bilete og tekst. Arbeid med ulike medium: Biletbøker, levande bilete (fjernsyn, video, film) vekeblad, lydband, aviser. Innverknaden av media i samfunnet: Nyhende, informasjon, opplæring, meiningar. Fritid, reklame. Undersøkje og vurdere: Korleis media påverkar synspunkt og forventningar hjå einskildmenneske og samfunn. Kva grenser media har, og korleis dei kan utnyttast. Arbeid med edb: Lære å skrive med edb, og behandle tekst Språkrøkt: Språket i medium, er det eit eige språk? 7.-9. klasse Biletbruk og biletforståing: Samtale om bilete. Vurdere bilete, innhald, bruk, samanheng mellom bilete og tekst. Arbeid med ulike medium: Biletbøker, levande bilete (fjernsyn, video, film), vekeblad, lydband, aviser. Innverknaden av media i samfunnet: Nyhende, informasjon, opplæring, meiningar. Fritid, reklame. Undersøkje og vurdere: Korleis media påverkar synspunkt og forventningar hjå einskildmenneske og samfunn, medium til nytte og unytte. Mediemakt. Arbeid med edb: Lære å behandle tekst med edb. Lære korleis ein kan bruke edb som hjelpemiddel i arbeid med språk, database, korrektur 0.1. Språkrøkt: Vurdere språket i medium i forhold til eige daglegspråk. Det høyrer med i dette arbeidet å vurdere samisk i radio, aviser, vekeblad, teikneseriar osv., og kor omfattande medietilbodet er for samisk i forhold til norsk. Læremiddel Det er ikkje berre bøker og skriftleg arbeidsmateriell som er læremiddel. Alt som er nemnt under hovudemna, skal reknast som læremiddel, dvs. både lærebøker, elevarbeid, samfunnet, naturen og verda utanfor skolen. I undervisninga i samisk er det nødvendig å bruke lydband, film, video og liknande som læremiddel. Det er ofte ikkje nok å bruke berre ferdiglaga materiell. Også sjølvlaga læremiddel har sin plass i undervisninga. Alternative hjelpemiddel vil ofte vere formålstenlege.
Skann 147 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 145». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/147/