SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 146 skann 148

146 Vurdering Vurderinga skal skje parallelt med arbeidet, og vere til motivasjon og rettleiing for elevane i arbeidet deira. Alle delar av arbeidet skal takast med i vurderinga. I ei slik heilskapleg vurdering skal ein ta med både munnlege og skriftlege aktivitetar. Elevane treng å få individuell hjelp til ulike problem i språkfaget, og ofte er det naturleg å ta for seg dei særskilde problema kvar for seg. Det kan godt gjelde tekstforma som heilskap, eller det kan gjelde teiknsetjing og rettskriving. Innhald og forteljarmåte er viktig i friare aktivitetar. På dei lågare klassestega skal ein vere varsam med retting. Ein skal leggje vekt på rettskriving, men det skal berre vere ein del av vurderingsgrunnlaget. Sluttvurderinga skal ta utgangspunkt i heilskapen i faget og stå i forhold til målet for faget. Elevane skal ha sjanse til å vise kunnskapane sine gjennom variert språkbruk.
Skann 148 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 146». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/148/