SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 11 skann 13

11 iJftLIQTIKiT «Grunnskolen skal i forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle deira evner, åndeleg og kroppsleg, og gje dei god allmennkunnskap så dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn. Skolen skal fremje åndsfridom og toleranse og leggje vinn på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim.» Lov om grunnskolen seier at mønsterplanen skal gje ei nærare utforming av dei måla som er sette for skolen. For dei ulike faga og faggruppene er det derfor sagt i fagplanane kva mål arbeidet skal sikte mot. For skolen som heilskap vil visse overordna mål gjelde. Slike mål vil til dels peike ut over arbeidet med dei einskilde faga. På denne måten har skolen fått ei oppgåve som er bestemt både av visse grunnleggjande synspunkt på oppseding og undervisning, og av den funksjonen og plassen ein ønskjer at skolen skal ha. I 1975 vart lov om spesialskoler oppheva, og lov om grunnskolen vart utvida til å omfatte alle barn i opplæringspliktig alder. Dette kjem mellom anna fram i paragraf 7.1 i skolelova, der det står: «Alle elevar har rett til å få opplæring i samsvar med dei evnene og føresetnadene dei har.» Mønsterplanen dreg opp retningslinjer og er eit arbeidsgrunnlag for undervisning og oppseding av alle barn i grunnskolealder. Grunnskolen må derfor ha eit vidt perspektiv over arbeidet sitt. Skolen skal leggje forholda til rette for og stimulere til ei allsidig utvikling av elevane. Opplæringa bør organiserast slik at ho og har innslag av arbeid og UaPITTEL OppGÅVA 0 pp G ÅVA 1 TIL GRUNNSKOLEN Lovgrunnlaget I lov av 13. juni 1969 om grunnskolen er formålsparagrafen forma på denne måten: «Grunnskolen skal i forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle deira evner, åndeleg og
Skann 13 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 11». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/13/