SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 123 skann 125

123 skiftar. Der det er naturleg, kan elevane studere korleis ord og uttrykk heng saman med sed og skikk før og no. Både på barne- og ungdomssteget bør språklæra elles i hovudsak knytast til normalmålet - lesespråket og skriftspråket. Grammatikk - språk om språket: I samband med den fyrste lese- og skriveopplæringa utviklar elevane eit språkleg medvit dei ikkje hadde før. Dei arbeider med og får namn på formelementa (byggjeklossane) i språket: språklydar, bokstavar, ord, ordtypar, ordlaging, setningar o.a. Dette er fyrste steget inn i ein bruksnær (funksjonell) grammatikk, som ein byggjer vidare på gjennom heile skoletida. Ein har bruk for denne grammatikken når ein skal gje og få språkleg rettleiing. Elevane treng eit språk om språket, eit enkelt omgrepsapparat å stø seg til. Elevane må lære omgrepa frå norsk grammatikk før dei møter dei i framandspråk (sjå nedanfor), men ei meir omfattande, systematisk framstelling av grammatikk høyrer heime på ungdomssteget. Grammatikken må ikkje formidlast som berre eit nettverk av strenge reglar og restriksjonar, men sjåast i samanheng med stil- og sjangerlæra. Det kan gje perspektiv til grammatikkopplæringa å sjå korleis barnespråk utviklar seg, gjerne med konkrete døme frå munnleg småbarnsspråk og eiga skriftspråkutvikling. Det ligg oppmuntring i å finne ut korleis ein stadig utviklar seg, til dømes ved å samanlikne eigne tekstar frå ulike klassesteg. Elevane har bruk for å forstå noko av skilnaden på tale og skrift, mellom anna for å byggje inn i tekstane sine den informasjonen som lesaren treng. Dei bør etter kvart lære å leggje merke til skilnader mellom bokmål og nynorsk, og mellom talemålet på staden og dei to offisielle målformene. Dessutan skal dei lære framande språk. I dette språkarbeidet treng dei i tillegg til dei språklege byggjeklossane som alt er nemnde, kunnskap om ortografi, ordklassar og ordbøying. Dei bør og kunne skilje mellom innhaldsord og formord og vite noko om setningstypar (heil- og leddsetningar) og setningsbygging (funksjonsanalyse). 1 skriftspråkleg samanheng kan dei få stor nytte av den tekstteorien som ein kan få tak i og tilpasse til skolebruk. Tekst: Gjennom heile grunnskolen arbeider elevane med tekstar av mange slag, les, lyttar, framfører og skriv. Dei må få hjelp til å sjå kva som skaper heilskap, samanheng og uttrykkskraft i ein tekst. Kjennskap til korleis tekstar er bygde opp, styrkjer evna til å forstå dei rett. Kunnskap om komposisjon og stilistiske verkemiddel er og ei hjelp til å få fram bodskapen i eigne tekstar. Både skjønnlitterære og meir sakprega tekstar høyrer til ein sjanger, eller har trekk frå fleire sjangrar. Det gjeld og elevtekstane. Elevane må lære om det som er typisk for ein sjanger. Sjangerkunnskapen vert utvida etter kvart, og elevane lærer å bruke namnet på den aktuelle sjangeren framfor å kalle tekstane norsk stil eller stykke i leseboka. Barn bruker dei same språklege verkemidla (stiltrekka) som vaksne: oppatttaking av mange slag, kontrast, stigning, fortetting, rim, rytme, klang, språklege bilete (samanlikning, metafor) osv. Elevane får prøve ulike komposisjonsmønster og oppsett for tekstane sine. Dei eksperimenterer med språklege verkemiddel, ser dei i bruk hjå andre og flettar dei gradvis inn i eigne tekstar. Dette utviklar etter kvart ei sikrare språkkjensle.
Skann 125 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 123». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/125/