SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 122 skann 124

122 Trykkskrift - grunnformer: Elevane lærer ei usamanhengande, rettståande skrift med små og store bokstavar, som er litt forenkla i høve til boktrykkbokstavane. Samanbinding av bokstavane: Elevane lærer ei samanbunden skrift som tek utgangspunkt i karakteristiske drag ved dei små trykkbokstavane. Det er og mogleg å gå direkte over til samanbinding av bokstavar etter dei normgjevande alfabeta. Skrifta skal vere lett å lese og lett å skrive, og ho er grunnlaget for ei vidare skriftutvikling. Til vanleg er denne skrifta høgrehallande. For mange venstrehendte hallar skrifta til venstre. Dei store trykkbokstavane skal tilpassast samanbinding og halling. Elevane lærer samanbinding av bokstavane på 2.-3. (4.) klassesteget - avhengig av utviklinga hjå den einskilde eleven. Utvikling mot ei personleg skrift: Elevane får utvikla skrifta med utgangspunkt i dei normgjevande alfabeta for små og store bokstavformer, og slik at skrifta fell naturleg for kvar einskild. Skriftrøkt: Elevane, særleg på ungdomssteget, må arbeide med å vidareutvikle ei skrift som er rasjonell, ledig og lettleseleg for andre, og som har eit personleg preg. Dei må lære seg til å lese skrifta til andre og få øving i skrift til ulike formål som bruksskrift, notatskrift, dekorativ skrift. Elevane bør få ein viss kjennskap til skriftutviklinga i historisk samanheng. SPRÅKLÆRE Undervisninga i språklære skal gje elevane den teoretiske bakgrunnen for det praktiske skriftlege og munnlege arbeidet med norsken og dermed eit kunnskapsgrunnlag som mellom anna kjem til nytte i framandspråkopplæringa. Gjennom undervisninga skal elevane få lære noko om korleis språk er bygt opp, korleis språk utviklar seg hjå kvar einskild og stadig endrar seg i ein større historisk samanheng lære dei viktigaste normene og reglane i skriftspråket - skjerpe det språklege medvitet og den kritiske språksansen byggje opp tiltru til eigen språkleg bakgrunn og tru på eiga evne til å bruke språket utvikle respekt og toleranse for talemålet til andre - sjå korleis språkbruken varierer i ulike situasjonar og samanhengar Dialekt og normalmål: Særleg gjennom massemedium legg barna tidleg truleg før skolealderen - merke til skilnaden mellom eigen dialekt og normalmåla, og mange har høyrt at talemålet er ulikt rundt om i landet. Elevane bør få høyre døme på ulike slag talemål og dialektar, og dei må få syn for mangfaldet i norsk tale og utvikle respekt og toleranse for den måten andre snakkar på. På ungdomssteget ser ein nærare på trekk ved lydverk, bøyingsverk og ordtilfang i det lokale målføret. Dette kan vere nyttig kunnskap i mange distrikt når ein tek til med skriftleg sidemålsopplæring. Elevane skal kjenne nokre av dei viktigaste målmerka i norske dialektar, og få sjå døme på korleis dialektane
Skann 124 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 122». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/124/