SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 124 skann 126

124 Språksituasjonar: Elevane går ut og inn av språksituasjonar i norsktimar, i andre fag og i dagleglivet elles. Dei opplever, ofte umedvite, korleis munnleg og skriftleg språkbruk varierer i ulike situasjonar og samanhengar. Elevane må få hjelp til å setje ord på slike viktige røynsler i språkleg kommunikasjon. Rollespel kan vere tenleg for å få fram ulike sendar- og mottakarsituasjonar. Alt tidleg på barnesteget kan læraren skissere ein enkel kommunikasjonsmodell. Her spør ein etter kva sendaren ønskjer å oppnå med det som vert sagt, skrive eller vist fram, og drøftar kva verknad bodskapen får på mottakaren. I skriftspråkopplæringa er det særleg viktig å vere medviten om kva mottakaren treng av informasjon for å forstå bodskapen. På ungdomssteget kan ein byggje ut kommunikasjonsmodellen til ein meir fullstendig språkbruksanalyse. Ei djupare forståing av massekommunikasjon høyrer med her. (Jf. hovudemnet medium og edb.) Medie- og dataspråk: Elevane må lære å sjå korleis informasjonsteknologien påverkar språkbruken hjå kvar einskild og i samfunnet. Det kan vere aktuelt å syne korleis ulike medium stiller særskilde språklege krav til sendar og mottakar. Ein må også syne korleis fagspråk og kodespråk i samband med edb er ein nyttig reiskap, men samtidig kan vere ei hindring i kommunikasjonen. Språkhistorie: Gjennom nærliggjande døme bør elevane få syn for at språk endrar seg. Dei møter eldre folk med andre talevanar enn dei sjølv, og dei støyter på tekstar i alderdommeleg språkdrakt. Det språket som vart brukt i ei fjern fortid, kan levandegjere miljø og menneskeliv, sosiale og kulturelle tilhøve. Språkhistorisk medvit er ein del av det historiske medvitet. Høgare opp i skolegangen bør elevane få høyre om striden om språkspørsmål og språknormering i norsk historie. På ungdomssteget trekkjer ein opp hovudlinjene i norsk språkhistorie meir systematisk, med døme på systemendringar over tid (lydverk, ordtilfang, bøyingsverk). Ein bør peike på nokre av påverknadsfaktorane bak endringane. Elevane bør få så mykje språkhistorisk kunnskap at dei forstår årsakene til at vi har to offisielle, jamstelte skriftspråk i Noreg. (Jf. sidemålet.) Rettskrivingslære: Elevane lærer mykje rettskriving ved å lese og skrive. I dei tre fyrste åra må læraren leggje hovudvekta på individuell rettleiing, og rettleie varsamt og oppmuntrande. Frå og med mellomsteget bør ein arbeide meir systematisk og målretta med ortografi, bøyingsverk og teiknsetjing. Elevane må tidleg lære å bruke ordliste. Noko av rettskrivinga kan klassen lære gjennom isolert trening (diktat, utfyllingsoppgåver 0.a.), men det meste bør skje gjennom retting og rettleiing til tekstar der læraren er språkkonsulent. Ofte er det nødvendig å innprente ortografiske reglar etter velkjende metodar. Oversikt over emne og aktivitetar - knytt til treårsbolkar. 1.-3. klasse Ord og setning: Kjensle for og merksemd mot kva ord er, særnamn og samnamn, dialektord, rare ord, nye ord, ukjende ord. Språklyd og bokstav, ord i tale og ord i
Skann 126 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 124». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/126/