SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 116 skann 118

116 mellom anna klasse- og elevrådsarbeid. Framgangsmåte i intervjusituasjonar. Høyre dansk og svensk talemål - helst snakke med danskar og svenskar. Mime, rollespel, dokketeater, improvisasjon, spele teater. 7.-9. klasse Framhald med uformelle munnlege aktivitetar. Framføring av tekstar. Dansk og svensk. Dramatisering. Meir vekt på formelle trekk ved møteleiing, debatt, foredrag, talar, framlegging av referat. Redigering og innlesing av tekst på lydband og videogram. Kontaktformer i høve til offentlege institusjonar og personar. Klargjering av korleis ein best varierer uttrykksforma for å nå fram med bodskapen sin. LITTERATUR Gjennom undervisninga skal elevane ta del i eit mangfald av opplevingar, som kan stimulere fantasilivet hjå kvar einskild og styrkje fellesskapet byggje ut kunnskapen sin om ulike livsområde, ta stilling til verdispørsmål og skape seg framtidsbilete og framtidsvon - møte litteratur som kunstform og ta del i den skjønnlitterære felleseiga - få syn for historiske, sosiale og kulturelle samanhengar (lokalt, nasjonalt, nordisk og globalt) - møte drama som kunstform, opplevingsområde og uttrykksmiddel - utvikle språkevna og lære om språklege verkemiddel og litterære mønster, mellom anna ved å bruke dei i tekstar dei lagar sjølv - vurdere bodskap og språk i alle slags tekstar og få syn for dei verdiane, haldningane og intensjonane som ligg bak - få kjennskap til korleis ein skaffar seg bøker og tekstar, korleis ein vel medvite og les med utbyte Lese, lytte, framføre: Elevane må på alle klassesteg få lese litteratur og høyre på opplesing av litteratur. Små opplesingsstunder kan skape stemning og skjerpe konsentrasjonen. Elevane må få snakke om, lese høgt for kvarandre, dramatisere, syngje og på andre måtar framføre det dei har lese - både innanfor og utanfor klasserommet. Arbeid med ulike sjangrar: Elevane må få kjennskap til og røynsle med ulike skjønnlitterære sjangrar ved at dei les eller høyrer dikt, viser, forteljingar, eventyr, romanar, noveller og skodespel, segner, gåter, ordtak, rim, regler osv. Med utgangspunkt i biletbøker, barnebøker og leseboktekstar arbeider elevane fyrst med enkle forteljingar. Dette kan vidareutviklast til andre sjangrar: fabel, eventyr, segn, grøssar, krim, science fiction osv. Seinare kjem ungdoms- og vaksenlitteraturen sterkare inn. Då kan novella og diktet vere hovudramme om sjangerarbeidet saman med ei vidareutvikling av dei andre litteraturformene. Prosatekstar som essay, reiseskildringar, memoarar, brev og dagbøker kan og ha skjønnlitterære kvalitetar som gjer det aktuelt å arbeide med dei. Det er ei viktig oppgåve å hjelpe elevane til å velje god litteratur. Elevane har røynsle med mange sjangrar frå triviallitteraturen. I litteraturundervisninga kan dei få hjelp til å lese slike tekstar meir kritisk.
Skann 118 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 13

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 116». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/118/