SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 115 skann 117

4.-9. klasse 115 Framhald av grunnleggjande lese- og skrivetrening for dei som treng det. Tekstar og språksituasjonar avpassa etter alderssteget. MUNNLEG BRUK AV SPRÅKET Den munnlege uttrykksevna vert utvida og utvikla ved at elevane set ord på tankar, meiningar og kjensler. Elevane bør få - bruke talemålet i varierte og meiningsfylte samanhengar - lære å ta ordet og gjere seg gjeldande i ulike situasjonar - lære å lytte konsentrert og aktivt til kvarandre - framføre ulike typar tekstar, både eigne og andre sine - bruke varierte munnlege uttrykksmåtar og såleis få røynsle med og innsikt i språklege verkemiddel - lære å forstå dansk og svensk Samtale og fortelje: Skolen må leggje til rette sosiale situasjonar som naturleg fremjar bruk av samtale og forteljing. Læraren må vere ein trygg og god samtalepartner. På alle klassesteg kan utgangspunktet for samtale og forteljing vere eigne tankar, opplevingar og røynsler. Bilete, tekstar og medieopplevingar er ofte høvelege utgangspunkt. Elevane må heile tida venje seg til å lytte til andre. På høgare klassesteg må elevane få øving i å høyre dansk og svensk, slik at dei etter kvart forstår desse grannespråka og kan snakke med danskar og svenskar. Dramatisere: Drama byggjer på spel (agering) gjennom aktiv identifisering med tenkte figurar (roller) og situasjonar, og gjev estetisk form til idear, førestellingar, kjensler og opplevingar. Elevane får oppleve og skaffe seg røynsler med ulike dramatiske uttrykksmåtar som mime, rollespel, dokketeater og improvisasjon, og bruke dei saman med lyd, musikk og rørsler. Gjennom dramatisering får elevane på mellomsteget og ungdomssteget etter kvart kjennskap til dramatisk formspråk og dramatiske uttrykksformer. Elevane bør få spele teater. Andre munnlege sjangrar: Elevane bør få arbeide med ulike formelle munnlege aktivitetar som intervju, referat, møteleiing, diskusjon og foredrag. Slike aktivitetar går naturleg inn i klasse- og elevrådsarbeidet, og gjer både jenter og gutar vane med å ta ordet og halde foredrag eller diskusjonsinnlegg i meir formelle og offentlege samanhengar. På høgare klassesteg må elevane få innsikt i korleis vi endrar og varierer språkbruken etter samanheng og situasjon. Oversikt over emne og aktivitetar - knytt til treårsbolkar: 1.-6. klasse Samtale, fortelje, spørje seg fram, svare for seg, fabulere, greie ut om saklege tilhøve. Framføre tekstar for klassen og for andre, for eit større publikum. Ein må leggje vekt på det som gjer framføringa uttrykksfull. Ta ordet, vente på ordet. Enkel møteteknikk og diskusjonsreglar knytte til
Skann 117 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 9

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 115». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/117/