SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 113 skann 115

113 Læremiddel Læremiddel er meir enn trykte lærebøker, tekniske hjelpemiddel og anna øvingsmateriell. Læremiddel er all den kommunikasjonen og alle dei språkhandlingane som er omtala under hovudemna. Det gjeld alt frå dei ulike bøkene som vert brukte i undervisninga - også tekstsamlingar som elevane lagar sjølv - til naturen og verda utanfor skolen. Elevane sjølv, lærarane og andre vaksne er sentrale kjelder til skriftlege og munnlege aktivitetar. Eldre menneske kan til dømes føre verdifullt tradisjonsstoff inn i undervisninga. Det er ein føresetnad for undervisninga at det finst eit variert og ajourført utval av trykte læremiddel som tek vare på heilskapssynet på faget og lettar arbeidet med tilpassa opplæring. Elevane må ha tilgjenge til eit godt utrusta bibliotek med eit variert utval av litteratur, også lokallitteratur, og høveleg biletstoff. Det er ønskjeleg at elevane har tilgjenge til medie- og datautstyr med tenleg pedagogisk programvare for norskfaget. Jf. kapittel 7. Hovudemne og delemne GRUNNLEGGJANDE LESE- OG SKRIVEOPPLÆRING Opplæringa skal gje elevane lyst og motivasjon til å snakke, lese og skrive. Undervisninga skal - byggje på det språket og dei røynslene elevane har - utvikle eit positivt sjølvbilete og språkleg sjølvtillit - ta vare på og stimulere forteljarglede og leselyst - la elevane bruke språket aktivt, skapande og medvite Munnleg bruk av språket: Undervisninga tek utgangspunkt i talemålet til elevane og skal oppmuntre elevane til å fortelje om det dei ser og opplever i kvardagen, og om tidlegare hendingar. Elevane må få leike med ord, lydar, rim og regler, slik at fantasien vert stimulert og ordtilfanget utvida. Dei må få vere spontane, utvikle forteljarglede i ein trygg klasseatmosfære og venje seg til å lytte til andre. Leik, song og rørsler kan knytast til munnleg språkbruk i innskolingsperioden og seinare. Samtale og dramatisering tek utgangspunkt i aktuelle situasjonar og samhandlingar. Høgtlesing er ei særleg verdifull fellesoppleving heilt frå fyrste skoledagen. Her må ein finne fram til tekstar frå røynsleverda til både gutar og jenter. Litteratur: Arbeidet med litteratur er ein viktig del av lese- og skriveopplæringa. Læraren les høgt for elevane og bruker litteratur som gjev oppleving og identifikasjon både for gutar og jenter. Arbeidet med litteratur skal stimulere leselysta, formidle kunnskap og gje elevane gode språklege førebilete. Litteraturutvalet må vere variert og omfatte biletbøker, barnebøker, eventyr, skodespel, dikt, songar, rim, regler osv. Tekstane skal hentast frå nyare og eldre litteratur - lokal, nasjonal og utanlandsk.
Skann 115 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 9

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 113». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/115/