SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 112 skann 114

112 har nær samanheng med andre fag og aktivitetar i skolen. Omgrepet sjanger (teksttype) er sentralt i dette og i andre hovudemne i planen. Hovudemnet språklære legg vekt på at også kunnskap om språksystem og språkutvikling kan gjere elevane til betre språkbrukarar. Derfor har læra om stil og språklege verkemiddel fått etter måten stort rom, og også grammatikken er sett inn i denne samanhengen. Medium og edb er saman gjorde til eit nytt hovudemne i faget - mellom anna fordi desse felta er ein så viktig del av barn og unge sin kvardag, og fordi ein her finn ny språkreiskap og nye uttrykksmiddel. Det er lagt vekt på vurderingsaspektet og på at den nye informasjonsterminologien kjem inn i samanheng med språkarbeid og kulturarbeid på norskfagleg grunnlag. I norskplanen utgjer hovudemna og delemna saman det forpliktande arbeidsgrunnlaget - fellesstoffet. Delemna peikar ut arbeidsområde og arbeidsmåtar som vanskeleg kan veljast bort. Med noko ulik vektlegging er det naturleg å behandle alle hovudemna på alle klassesteg. Dei delemna som er sette opp under kvart hovudemne, skal syne kva som er viktig og interessant fagleg arbeid, og dei skal få fram noko av heilskapen i og meininga med arbeidet. I utforminga av delemna er det teke omsyn til at svært mange aktivitetar og emneområde er like aktuelle på alle klassesteg. Dessutan skal dei faglege rammene og dei metodiske tilvisingane på delemnenivå samsvare med prinsippet om tilpassa opplæring. For å gje betre høve til oversyn og til konkretisering av kvart hovudemne (med unntak av skriftforming) avslutta med nokre råd om progresjon knytte til treårsbolkar. Det er på dette konkretiseringsnivået ein mest naturleg kan velje bort og velje til fagemne og fagstoff. Arbeidsmåtar Norsk er eit allsidig fag som opnar for varierte arbeidsmåtar. Det er spesielt for norskfaget at språket både er reiskap i arbeidet og studieobjekt (lærestoff). Det vil seie at ein lærer om språket samtidig som ein lærer å bruke det. Kapittelet om arbeidsmåtar i den generelle delen gjev nyttig innføring om arbeidsmåtar og undervisningsplanlegging. I omtalen av dei ulike delemna i fagplanen går det fram at arbeidsmåtane i norsk må variere etter emne og innhald og tilpassast elevane. Drama har ei særleg tilknyting til norsk både som kommunikasjonsfag og utviklingsfag. Det er eit særtrekk ved drama at det skapande arbeidet tek sikte på å gje uttrykk for tankar, meiningar og kjensler elevane har. Dramatisering kan trekkjast inn i dei fleste samanhengane. Skapande språkbruk kan knytast til tonar, fargar, form og rørsler. Eit bilete kan verte til dikt, eit dikt til bilete osv. Nærmiljøet og røynslene til elevane er utgangspunktet for ei open og aktiv livsorientering. På alle klassesteg må ein dra norskaktivitetane naturleg inn i tverrfaglege prosjekt som klassen eller skolen arbeider med. Studieteknikk skal kome inn i arbeidet på ein naturleg måte og ikkje vere ein eigen fagdisiplin. Etter kvart som medie- og datautstyr kjem inn i skolen, kan elevane nytte dette som hjelpemiddel i skapande aktivitetar. Det kan og nyttast når elevane formar ut, lagrar og hentar fram informasjon.
Skann 114 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 112». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/114/