SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 103 skann 105

103 Vennskap: Verte kjend med andre, ta vare på vennskap, truskap, vere lojal, ta omsyn, hjelpe og oppmuntre, respekt, omsorg. Tilgjeving: Når noko går gale, konfliktar, mobbing, vald, vedgå feil, oppgjer. Tilgjeving frå Gud og menneske. Jesu føredøme. 4.-6. klasse Ansvar for oss sjølv: Bruk av eigne krefter, evner og ressursar. Helse, fritid. Alkohol, narkotika, tobakk. Påverknad frå medium. Aktuelle bod og bibelforteljingar. Kommunikasjon og konfliktløysing: I heim, skole og fritid, vennskap, respekt, akseptering, toleranse. Oppmuntring. Jesu føredøme. Tilgjeving: Svikt og tilkortkoming. Tilgjeving, ny start. Aktuelle døme frå Bibelen. Å vere noko for andre: Kva vennskap krev og gjev i motgang og medgang, lojalitet, glede og oppmuntring. Den gylne regelen. Dei ti boda. Praktiske oppgåver. 7.-9. klasse Grunnlaget for kristen etikk: Norm- og verdigrunnlaget i Bibelen, samvitet solidaritet, nestekjærleik, tenartanken, ansvar for å velje. Ansvaret for eige liv: Helse. Alkohol, narkotika, tobakk. Val av venner, verdiar og livsveg. Motgang. Bibelen som rettesnor. Tilgjeving: Oppgjer og tilgjeving i høve til Gud og menneske, skriftemål, nattverd. Etiske prinsippspørsmål: Ulike grunngjevingar for etikk. Normativ og deskriptiv etikk. Religion og etikk, livssyn og etikk. FELLESSKAP OG SAMFUNN Medan emnet du og eg legg vekt på meir individualetiske spørsmål, skal dette emnet gje kunnskap om og forståing for samliv og samspel mellom menneske i heim og samfunn. Det må understrekast at kvar einskild har ansvar for fellesskapet, og at fellesskapet har ansvar for den einskilde. Til emnet høyrer familiekunnskap og samlivslære. Aktuelle spørsmål, utviklingstendensar og nyvinningar innanfor teknologi og vitskap må drøftast. Det er viktig å få fram at menneska er skapte til å leve saman i kjærleik og med ansvar for kvarandre i eit fellesskap. Elevane må få kunnskap om og forståing for norm- og verdigrunnlaget i Bibelen, og for korleis dette er avspegla i sed og skikk, i samfunnsliv og kultur. Samliv og tilhøvet mellom kjønna må takast opp ut frå kristen synsstad. Stoff frå dette emnet høver godt til tverrfagleg arbeid, og det er då viktig at det kristne synet kjem fram. 1.-3. klasse Saman om ansvaret: Samliv i heim, familie, skole, lokalmiljø. Barn og vaksne. Respekt for alt liv. Aktuelle bibeltekstar. Respekt og toleranse: Likeverd, likerett, jamstelling, aksepterande haldning til ulike menneske. Fellesskap og ansvar i lokalmiljøet: Sosiale tiltak, hjelpearbeid, lag og organisasjonar, naturvern, praktisk arbeid.
Skann 105 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 103». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/105/