SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 100 skann 102

1.-3. klasse 100 Menneska og menneskesynet: Godt og vondt mellom barn og mellom barn og vaksne. Glede og tryggleik. Mennesket skapt i Guds bilete. Menneskeverd. Likeverd. Guds kjærleik og omsorg. Respekt, omsorg og ansvar for andre. Tru og von: Tillit til og tru på Gud. Takksemd, glede og tryggleik. Svikt og tilgjeving. Tvil og tru. Samvitet. Personskildringar: Døme frå Bibelen og kvardagslivet. Uttrykksformer: Bønn og lovsong hjå barn. Kristne barnesongar, barnelitteratur, biletkunst, drama. 4.-6. klasse Menneskeverdet: Mennesket som Guds skapning. Identitet, respekt for seg sjølv og andre, likeverd, jamstelling mellom kjønna, menneskerettane. Det vonde og lidinga i verda: Liding og naud, årsaker til det vonde. Syndefallet. Det gode og det vonde i mennesket. Samvitet. Å vere medmenneske. Vårt ansvar for å hjelpe. Tru og von: Kampen for det gode. Kjærleik og fellesskap. Tilgjeving. Samfunn med Gud, synd, nåde og frelse. Glede og tryggleik. Tru og tvil. Personskildringar frå fortid og notid. Misjonærar. Uttrykksformer: Fellesskap og omsorg. Bønn, song og musikk. Kristen litteratur for barn og unge. Kristendommen i kunst og kultur. Drama. Kristen sed og skikk før og no. 7.-9. klasse Menneskeverdet: Identitet og sjølvbilete. Tru på eige verd, evne til det gode. Å akseptere og respektere andre. Menneskerettane, likeverd, jamstelling. Mennesket skapt i Guds bilete. Ulike menneskesyn. Problemet med det vonde i verda: Menneskeleg vondskap, synd, ansvar for val og handlingar overfor Gud og menneske. Syndefallet. Gud og det vonde. Guds kjærleik. Tru og kristen livshaldning: Lov og evangelium, synd, nåde og frelse, nytt liv. Tru og tvil, teneste og truskap, tilgjeving og tolmod, kjærleik og fellesskap. Samfunnet med Gud. Den Heilage Ande, nådegåver. Von om evig liv. Truslæra. Personskildringar. Uttrykksformer: Fellesskap og omsorg. Bønn, song og musikk. Ulike gudstenesteog møteformer. Det kristne ungdomsarbeidet. Kristendommen som inspirasjonskjelde for kunst og kultur. Drama. KYRKJA OG KRISTENLIVET PÅ HEIMSTADEN Elevane må lære om Den norske kyrkja på heimstaden og studere arkitektur, symbolikk og kunst der og i andre kristne samlingshus. Elevane må få lære det levande kristenlivet på heimstaden å kjenne, slik at dei kan få forståing for og oppleving av kva kristendommen er. Elevane må og få kjennskap til ulike kristne trussamfunn i landet, slik at dei kan sjå likskapar og skilnader. Eit nært samarbeid med kyrkjelyden, med organisasjonar og kristne trussamfunn på heimstaden er nødvendig for å gje kunnskap om og oppleving av kristendommen i funksjon. Song og musikk, gudstenester, kyrkjelege handlingar, møteformer, barne- og ungdomsarbeid, misjonsarbeid og diakoni er viktige sider ved kristenlivet på heimstaden, og elevane må få kjennskap til dette. Dei bør og få vere med på
Skann 102 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 100». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/102/