SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 99 skann 101

4.-6. klasse 99 Bibelkunnskap: Innhald og oppbygging, korleis Bibelen har vorte til. Bibelbruk: Korleis finne fram i, lese og bruke Bibelen. Språk- og biletbruk. Bibelen som Guds ord til oss i dag. Kva Bibelen kan gje svar på. Frå soga til israelsfolket: Innvandring, dommartid, kongetid, profetar og bodskap. Salmane. Frelsessoga: Guds openberring i fortid og notid. Samanheng og hovudlinjer i samband med skapinga, syndefallet, israelsfolket, Jesus Kristus, Den Heilage Ande og den kristne kyrkja. Truslæra. 7.-9. klasse Bibelkunnskap: Bibelens skrifter og skriftgrupper. Tilhøvet mellom Det gamle og Det nye testamentet. Bibelen som Guds ord. Bibelforsking, bibelsyn, bibelomsetjing, bibelspreiing, bibelmisjon. Bibelbruk: Arbeid med bibeltekstar. Bibelen og livsspørsmål. Bibelen som rettesnor og kjelde for livet i kyrkjelyden. Bruk og misbruk av Bibelen. Språk- og biletbruk. Frå soga til israelsfolket: Sed og skikk i gammaltestamentleg tid. Eksiltid, heimkome frå Babylon. Messias-vona. Jødane under grekarar og romarar. Jødeforfølging før og i nyare tid. Jødisk Messias-von i dag. Frelsessoga: Guds frelsesplan. Bibelen sitt syn på soga og framtida. Soga til israelsfolket som frelsessoge, den kristne kyrkja, Den Heilage Ande, Jesu atterkome, ny himmel og ny jord. Truslæra. MENNESKET OG DEN KRISTNE TRUA I dette emnet skal elevane få kunnskap om det kristne menneskesynet og om kva det vil seie å vere menneske. Synet på mennesket som skapt i Guds bilete må liggje til grunn for undervisninga. I dette ligg tanken om at alle menneske har uendeleg verdi slik dei er, utan omsyn til kjønn, utrusting, rase, sosial eller kulturell bakgrunn. Menneskeverd, likeverd, respekt og toleranse må derfor stå sentralt i undervisninga. Det må understrekast at alle menneske ber i seg evna til både det vonde og det gode. Dei kan velje, og må ta ansvar for handlingane sine. Elevane må få tru på eige verd og få tillit til at dei kan utvikle og bruke evner og krefter til gagn for seg sjølv og andre. Emnet skal og gje elevane forståing for det kristen tru og von har å seie for menneske. Døme kan hentast frå elevane sin kvardag, og frå livet til menn og kvinner i fortid og notid, lokalt, nasjonalt og globalt. Innsatsen til misjonærane høyrer med, likeins martyrar i fortid og notid. Det må gå fram at tvil og tru, nederlag og oppreising høyrer med til kristenlivet, likeins kva perspektiv den kristne vona gjev. Elevane må få forståing for korleis vondskap set grenser mellom Gud og menneske og menneska imellom. Det må peikast på korleis tilgjeving mellom menneske kan gje fornya fellesskap og kjærleik. Guds nåde, tilgjeving og frelse må stå sentralt i undervisninga. Emnet må og syne korleis kristendommen har vore til inspirasjon for kunstnarar og forfattarar opp gjennom tidene, og kva kristentrua har hatt å seie i kampen for menneskeverd, rettferd og solidaritet. Trusartiklane og sakramenta er viktige i dette emnet.
Skann 101 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 99». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/101/