SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 94 skann 96

94 brukte i undervisninga. Ein time i kristendomskunnskap bør ta til med ein salme eller eit bibelord. Elevane kan ha ei arbeidsbok i faget, men ein må ikkje bruke ho for ofte. Ho kan brukast i visse periodar og i samband med spesielle emne, avhengig av kva stoff og kva steg det gjeld. Repetisjon. Tilbakeblikk og repetisjon går naturleg inn i den munnlege undervisninga, slik at dei ulike delane av stoffet blir bundne saman til eit meiningsfullt heile for elevane. Repetisjonen må vere systematisk og gjennomtenkt, slik at han gjev ny og utvida innsikt og forståing, på grunnlag av at elevane har fått større kunnskap og mognad. Det stoffet som er knytt til dei store høgtidene, må ikkje takast opp att kvart år på ein slik måte at elevane blir sløve når det gjeld innhaldet i høgtidene. Ekskursjonar. Ekskursjonar i samband med kristendomsundervisninga kan gje elevane større forståing av korleis kristendomen verkar på det praktiske plan. Alt på dei lågaste klassestega bør elevane gå i kyrkja på heimstaden for å bli nærmare kjende med interiør og eksteriør og gjere dette som eit ledd i kristendomsundervisninga. På dei høgare stega kan også ulike former for kontakt med arbeidet i kyrkjelyden og med sosiale og humanitære hjelpeorganisasjonar og institusjonar hjelpe til å aktualisere undervisninga. Det vil vere eit naturleg ledd i kristendomsundervisninga å vitje ein aldersheim, ein barneheim e.l. Dramatisering. Mange emne i bibelhistorie, kyrkjehistorie og etikk høver godt til dramatisering. Dette kan gjerast enkelt og liketil i klassen. Men i samband med dei store høgtidene eller andre spesielle hendingar kan det vere naturleg å leggje meir arbeid både på utstyr og framføring. Stundom kan dramatiseringa krevje at ein skifter mellom song, musikk, skriftlesing og annan deklamasjon. Andre gonger kan det vere heldig å gjere ei historisk hending levande eller sjølv lage ei historie eller eit situasjonsbilde for å konkretisere stoffet. Dramatiske arbeid bør elevane få arbeide med mest mogeleg sjølvstendig. Det vil ofte vere behov for samarbeid mellom lærarar i ulike fag om dramatiseringsoppgåver. Somme oppgåver må løysast i samarbeid mellom elevar frå fleire klassar. Elevane bør få syne fram sine dramatiske arbeid, ikkje berre i sin eigen klasse, men, når det høver, også for andre klassar, på foreldremøte og andre tilstellingar på skolen. Kristendomskunnskap og andre fag. På dei lågaste klassestega går dei ulike faga meir eller mindre over i kvarandre i det daglege arbeidet. Men av omsyn til elevar som er fritekne for undervisning i kristendomskunnskap, må ein vere varsam med å koordinere undervisninga i kristendomskunnskap med andre fag. På dei lågaste klassestega kan ein ta emne frå kristendomskunnskap saman med t.d. emne frå heimstadlære. Også vidare opp gjennom skolen kan undervisninga i kristendomskunnskap koordinerast med undervisninga i andre fag når dette kan hjelpe til å gjere stoffet meir levande for elevane. Kyrkjehistoria bør ein så langt det er råd ta saman med eller i alle fall parallelt med den vanlege historia. Misjonen kan gå saman med undervisning om geografi og samfunnsforhold i fjerne land. Sosial-etiske problem og oppgåver er eit anna fellesområde for kristendomskunnskap, samfunnsfaga, heimkunnskap og familiekunnskap. Salmetonar vil høve godt i den grunnleggjande musikkundervisninga. Læraren i kristendomskunnskap bør ha god kjennskap til elevane i klassen. Han bør derfor ha fleire fag i klassen. Også for å lette koordineringa av undervisninga vil det vere ein fordel at læraren i kristendomskunnskap har andre fag i klassen, t.d. norsk, musikk, forming eller samfunnsfag. Men også når fag med naturlege tilknytingspunkt til kvarandre er lagde til ulike lærarar, kan det vere nyttig med koordinering i samarbeid mellom lærarane. LÆREMIDDEL Bibelen, særleg NT, er den kjelda som lærestoffet i kristendomskunnskap i første rekkje må hentast frå. Dette er sjølvsagt fordi midtpunktet i undervisninga er Jesus Kristus, hans liv og hans verk. Derfor må elevane og ha kvar sitt NT så snart dei har føresetnad for å kunne bruke det. Undervisninga må gjere det klårt at Bibelen er ei religiøs bok. Elevane må lære å forstå at forfattarane av Bibelen er bundne av si tid når det gjeld t.d. geografi og naturvitskap,
Skann 96 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 94». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/96/