SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 95 skann 97

95 i og at ein derfor ofte bør ha kjennskap til kva dei meinte og trudde på den tid for å kunne forstå tekstane rett. Sidan sjølve omsetjinga kan by på store problem, kan det vere til hjelp å ha ulike bibelomsetjingar for handa. Når ein arbeider med bibelske tekstar, må hovudsaka vere å finne den rettleiing stoffet kan gje i religiøse og moralske spørsmål som er aktuelle for elevane. På den måten skal dei lære at Bibelen er ei tidbunden bok, men at han har ein tidlaus bodskap. Forutan frå Bibelen må lærestoffet hentast frå lærebøkene i faget, katekisme, bibelhistorie, kyrkjehistorie, lære- og lesebøker om etiske emne, misjonslitteratur, salmebok og songbøker. Ein del hjelpebøker bør dessutan vere lett tilgjengelege: ei bibelordbok, eit bibelsk oppslagsverk, eit atlas til kristendomsundervisninga, ei større kyrkjehistorie, utfyllande litteratur til dei ulike emna. Av desse bøkene står katekisma og salmeboka i ei særstilling. Salmeboka skal meir vere ei bruksbok enn ei lærebok. Katekisma rommar «den kristne barnelærdommen etter den evangelisk-lutherske truvedkjenninga» (grunnskolelova § 7, 3) og skal derfor vere den viktigaste rettleiing i trudomsspørsmål. Trudomslære, vedkjenningsformularar, boda og Fadervår bør fa eit pent og oversiktleg opptrykk til bruk i undervisninga på alle steg frå 4. klasse. På denne måten får elevane samtidig ei samla framstelling av kristen tru. I undervisninga i kristendomskunnskap må ein nytte ut fleire andre kjelder og. Det kan gje både verdfullt stoff å arbeide med og ny inspirasjon om ein klasse får høyre ein prest, ein misjonær, ein kyrkjelydsarbeidar, ein lagsleiar, ein psykolog, ein lege eller i det heile ein person med særleg innsikt i dei moralske og religiøse problem i tida eller direkte kontakt med verknaden av problema. Stoff kan også hentast frå film og teater og frå litteratur og musikk elevane er opptekne av, i det heile frå alle dei kjelder som kan hjelpe til å setje kristen tru og moral inn i ein aktuell samanheng. For kristendomsundervisninga er det avgjerande at ho arbeider med stoff som elevane knyter meir til si eiga samtid og framtid enn til fortida. Når ein handsamar emne under «Ungdom og religion» på ungdomssteget, er det heilt naudsynt at høveleg litteratur og materiell står til disposisjon. VURDERING Ved vurderinga skal ein følgje dei retningslinjene som er gjevne i kapitlet Vurdering i den generelle delen av mønsterplanen. Vurderinga tek utgangspunkt i skolen si generelle målsetjing, faget si spesielle målsetjing og eleven sine føresetnader på fagområdet, og ein må ta omsyn til dei undervisningsmetodane og arbeidsformene som er nytta. Ved vurdering av eleven si arbeidsevne i eit fag må ein ta omsyn til eleven sitt kjennskap til og dugleik i å utnytte faget sine hjelpemiddel, evne til sjølvstendig arbeid og til arbeid i grupper. Det er ikkje nok at læraren vurderer elevane sin arbeidsmåte og resultata av arbeidet deira, like viktig er det at elevane får øving i sjølv å vurdere. Den einskilde eleven sitt arbeid må vurderast med jamne mellomrom, både for å stimulere interessa for faget og for å gje rettleiing for vidare arbeid. Eit avslutta arbeid må vurderast snarast mogleg. Ved vurderinga innanfor faget kristendomskunnskap bør det leggjast større vekt på oversikt og forståing enn på detaljkunnskapar.
Skann 97 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 95». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/97/