SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 93 skann 95

93 7.-9. klassesteget *) Alene Gud i himmerik Arbeid, ti natten kommer Come, all ye faithful Dag over Norge Danke fur diesen guten Morgen Den store, hvite flokk Den store, kvite flokk Din rikssak, Jesus, være skal Du som vegen er og livet Du som veien er og livet Fedrane kyrkja i Noregs land Gud ber oss til sitt alterbord *) Gud signe Noregs land Herre, jeg vil gjerne tjene Herre, lær du meg å bede Herre over alle slekter Jesus, lat meg likjast deg Kjærleik, det er ljosens kjelde Kjærlighet er lysets kilde Kom, frelsar, kom inn Kristus, konge, du regjerer Kristus, vår høvding *) Leid, milde ljos Lysenes far, vi takker deg Milde Gud og folkefader Min sjel, min sjel, lov Herren Mitt hjarta, lova Herren O, Kristus, du som lyset er O, little Town of Bethlehem *) O, lue fra Guds kjærlighet Onward, Christian Soldiers Se, universets Herre Skal kjærleiks kraft si prøva stå Skal kjærlighet sin prøve stå Syng for Herren, hele verden Til kjærleik Gud oss skapte Ungdommens frelser Ver eit solskin, unge kristen Å leva, det er å elska Å, tenk når ein gong Å, tenk når engang samles skal *) Å, tenk på Gud i ungdoms år ARBEIDSMÅTAR Forteljing. Den levande forteljeforma bør ha brei plass i undervisninga i kristendomskunnskap. Ikkje berre på dei lågare, men på dei høgare klassestega og blir mykje av lærestoffet rikare og meir levande for elevane når læraren ber det fram munnleg, enn når dei sjølv les det. Ofte vil det vere nyttig at forteljinga stør seg til visuelle hjelpemiddel. Bilete bruker ein særleg når ein skal gje faktisk informasjon og som motiveringsmiddel. Er det tale om eit religiøst motiv, bør ein så langt det er råd vise korleis ulike kunstnarar har oppfatta det, så ein ikkje bind fantasien til elevane. Abstrakte ord og omgrep bør konkretiserast og forklarast, men ein må ikkje overdrive det, slik at det forstyrrar sjølve inntrykket av stoffet. Elevane og må fa fortelje ofte, både fortelje att det læraren har fortalt og det dei elles har høyrt eller lese eller sjølv opplevd, når det har tilknyting til det stoffet som ein arbeider med. Samtale og diskusjon. Undervisninga må gå føre seg i ein trygg og open atmosfære, slik at elevane finn det naturleg å komme fram med sine tankar, meiningar og spørsmål. Kristendomsundervisninga bør ha eit personleg preg, og samtale blir da ein viktig del av undervisninga. Samtalane vil vere ei hjelp til å aktivisere elevane, og dei gjev læraren naturlege høve til å forklare og aktualisere stoffet i samsvar med det utviklingssteget elevane står på, samtidig som dei får høve til å gjere greie for sine tankar og meiningar. Men læraren må vere merksam på at ein samtale må leiast om han skal tene undervisninga. På dei høgare klassestega vil det vere naturleg at samtalen far karakter av diskusjon. Det kan da og bli tale om innleiing til diskusjonen. Elevane kan etter tur få til oppgave å innleie om emne som lærar og elevar set opp i fellesskap. Elevane må og få øving i å leie diskusjonen. Ein må likevel vere merksam på at ikkje alle emne i faget høver like godt for diskusjon. Arbeidsoppgåver. Læraren må leggje stor vekt på å finne varierte arbeidsoppgåver. I visse tilfelle kan han seie detaljert frå om kva som skal gjerast, i andre tilfelle kan han la elevane stå meir fritt til oppgåvene. Av og til kan han gje oppgåver som det er naturleg at elevane arbeider med kvar for seg, andre gonger bør oppgåvene leggjast til rette for gruppearbeid. Oppgåver kan utformast i samarbeid med klassen, eller læraren kan gjere dei ferdige på førehand. Det arbeidet elevane skal gjere, bør vere skiftande: forming, lesing, forteljing, dramatisering, skriving, utanåtlæring, svar på spørsmål, utarbeiding av spørsmål til ein oppgjeven tekst, førebuing til eit diskusjonsinnlegg, å skrive ned hovudpunkta i eit lesestykke eller eit foredrag. Dei aller fleste oppgåvene bør ein gjere på skolen. Lesing og utanåtlæring kan gjerast heime når arbeidet er godt førebudd. Dei tre første åra bør ikkje elevane ha utanåtlæring heime. Salmar og songar bør elevane lære ved at dei syng dei. På same måten bør ein lære bibelord ved at dei blir
Skann 95 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 93». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/95/