SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 85 skann 87

85 det ansvar faget har - å gje elevane ei kristen og moralsk oppseding. I gjennomgåinga av kyrkjehistoria må ein og legge vekt på å syne det verd kvinnene har hatt for det religiøse livet. LÆRESTOFF Lærestoffet er nedanfor ordna i emne, i hovudsaka etter kunnskapsområda i faget. Kunnskapsstoffet må m.a. nyttast som utgangspunkt når ein drøfter barna og ungdomen sitt eige liv, noko som i undervisninga er like viktig som det historiske stoffet. Barn og ungdom har trong til aktiv problemstilling. Denne trongen må ein komme i møte, og da ta utgangspunkt i dagsaktuelle hendingar. Religiøse problem og etiske emne må ein ta opp til sjølvstendig vurdering alt på 5. klassesteget, da elevane i våre dagar gjennom massemedia tidleg møter problemstillingar som dei bør kunne ta standpunkt til. 1.-3. klassesteget 1. Førebuande kristendoms- undervisning. Religiøs-etiske emne frå det daglege liv. 2. Bibelhistorie. Frå GT: Forteljingar frå urhistoria og fedrehistoria. Josef-forteljingar. Moses og israelittane. Frå NT: Forteljingar frå Jesu liv og gjerning. 3. Trudomslære. 1. trusartikkelen. Bøn. Dåpsbodet. 4. Kyrkja og livet i kyrkjelyden på heimstaden. 5. Kyrkja i globalt perspektiv - misjonen. 6. Salmar og songar 4.-6. klassesteget 1. Bibelhistorie. Frå GT: Lovgjevinga på Sinai. Israel dreg inn i Kanaan. Kong David. Frå NT: Døyparen Johannes. Jesu dåp og freisting. Disiplane. Jesu forkynning. Jesu liding, oppstode og himmelfart. 2. Kyrkjehistorie. Oldkyrkja: Aposteltida. Paulus. Forfølging. Det indre livet i kyrkja. Kyrkjefedrane. Mellomalderen : Pavedømet. Munkeordenar. Kristendomen kjem til Norden. Kyrkja i Noreg. Misjon. 3. Trudomslære. Boda. 2. og 3. trusartikkelen. Dåp. 4. Bibelstudium. Lesing av utvalde tekstar. 5. Aktuelle problem i kristent lys. Religiøse og etiske emne. 6. Salmar og songar. 7.-9. klassesteget 1. Bibelhistorie. Frå GT: Profetane. Utlegda. Heimkoma. Jødane blir spreidde. 2. Kyrkjehistorie Reformasjonen: Luther. Reformasjonen i Noreg. Pietisme. Frelsesarmeen. Misjonen. Nyare norsk kyrkjesoge. Lekmannsrørsla. 3. Kyrkjekunnskap. Den norske kyrkja, skipnad og funksjonar. Organisasjonar innanfor Den norske kyrkja. Andre kyrkjesamfunn og læra deira. Kyrkjekunst og kyrkjemusikk. 4. Kristendomen i vår tid. Den økumeniske rørsla. Misjonen. Kyrkja, ansvar og oppgåver. 5. Trudomslære. Skriftemål og nattverd. 6. Etikk. Individual- og sosialetikk. 7. Ungdom og religion. Konfirmasjon. Tvil og tru. Aktuelle problem i kristent lys. 8. Bibelstudium. Bibelkunnskap. Bibellesing. 9. Salmar og songar.
Skann 87 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 85». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/87/