SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 84 skann 86

Kristendomskunnskap kristne barnelærdomen etter den evangelisk-lutherske læra. MÅL Undervisninga i kristendomskunnskap skal ta sikte på — å gje elevane forståing og respekt for religiøse og etiske verdiar, - å gje elevane kjennskap til hovudinnhaldet i bibelhistoria, til dei viktigaste hendingane i kyrkjehistoria og til den - å styrkje karakterutviklinga og den moralske sansen hos elevane. Undervisninga i kristendomskunnskap skal gje elevane grunnleggjande innsikt i kva kristendom er, og kva kristendomen har å seie for kvar einskild og for samfunnet. Innsikt i kristen religion må i første rekkje byggje på eit samla og levande bilete av Jesus Kristus, hans liv og gjerning. Med til biletet høyrer og det fundamentalt nye synet på menneskja sitt likeverd som attspeglar seg i hans tilhøve til representantar for grannefolka, men særleg i måten hans å vere på andsynes kvinner. Kor revolusjonerande dette verkeleg er, kan berre bli forstått gjennom kjennskap til det patriarkalsk, jødiske miljø på den tida. I undervisninga må ein leggje stor vekt på det som er sentralt i kristen tru, og på det som er felles for dei kristne kyrkjesamfunna. Etter kvart som elevane kjem oppover på klassestega, er det viktig at dei får god kjennskap til Bibelen ; dei må fa øving og rettleiing i å bruke både den og andre kjelder og hjelpemiddel, slik at dei på eiga hand kan leite etter svar på religiøse og etiske spørsmål. Når ein skal gje elevane innsikt i kva kristendomen er, må ein knyte stoffet til livet i kvardagen. Læraren må vere klar over at hans eiga holdning til lærestoffet er viktig for korleis elevane oppfattar det, og den verdi det får for dei. Det elevane lærer i faget, skal vere grunnlag for deira tru og rettesnor for deira liv. Undervisninga bør føre til at elevane opplever dei religiøse verdiane, og hjelpe dei til å forstå at religion er ein vesentleg del av menneskeleg livsutfalding, både individuelt og i sosial og kulturell samanheng. Etter lova om grunnskolen skal den evangelisk-lutherske truvedkjenninga liggje til grunn for faget. Undervisninga må leggjast opp slik at barn frå flest mogeleg heimar, utan omsyn til kyrkjetilknyting, kan delta når foreldra ynskjer det. Undervisninga i kristendomskunnskap skal vere merkt av vidsyn og vilje til å forstå og respektere menneske med ulike oppfatningar av religiøse og etiske spørsmål. Læraren må vere merksam på at til vanleg er mange ulike syn representerte i ein klasse. Ein bør ikkje unngå emne av kontroversiell karakter, men læraren må vere svært varsam, slik at framstellinga ikkje verkar krenkjande på nokon av elevane eller på andre oppfatningar. Det er i faget si ånd å lære elevane å vise toleranse mot menneske som tenkjer annleis enn ein sjølv. Aktuelle problem, spesielt problem som barn og ungdom er opptekne av, må ein ta opp og vurdere ut frå ein kristen synsstad. Ei slik aktualisering av undervisninga i faget er viktig om ein skal kunne realisere
Skann 86 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 84». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/86/