SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 86 skann 88

86 RETTLEIANDE ÅRSPLANAR Dei generelle merknadene om lærestoffet gjeld og for dei rettleiande årsplanane. Ved val av lærestoff må ein syte før at elevane far undervisning i samsvar med det som er føresett i grunnskolelova. Verken stoffutvalet eller plasseringa på dei einskilde årsstega er bindande for læraren eller lærebokforfattaren. Årsplanane er først og fremst meinte som rettleiing. Det er såleis ikkje føresetnaden at ein skal komme gjennom alle dei oppgjevne emna, mellom anna må ein ta omsyn til kor mogne elevane er. Spesielt i samband med dei oppgjevne namna i kyrkjehistoria bør ein nemne at det ikkje er naudsynt å presentere alle nemnde personar. Det er viktigare at elevane lærer somme store personlegdomar å kjenne meir inngåande enn at dei lærer ei rekkje namn som det ikkje knyter seg noko særleg til for dei. Dette kan grunngjevast både pedagogisk og med det at ungdomen har behov for ideal dei kan sjå opp til. Same synspunktet kan gjelde for emneområde som misjonen. Får elevane grundig kjennskap til ei misjonsmark, blir det sidan lettare for dei å få noko ut av generelle synsmåtar når det gjeld misjonsområda. 1. klassesteget Førebuande kristendomsundervisning. Emne med religiøst/etisk innhald. Hovudtanken er Gud som skapar og far, og dei vilkår og plikter, den tryggleik barna hans har. Ein prøver å vekkje undring over og takksemd for alt Gud har gjeve oss, og gje elevane forståing for det som er rett og godt. Ein knyter undervisninga til livet i og utanfor skolen. Ein kan bruke situasjonsbilete som elevane forstår og kjenner att frå det dei har opplevd. Emna bør ha nær tilknyting til heimstadlærestoffet, og bør så langt det er naturleg takast opp i samanheng med det. Gud har skapt alt. Han held liv i alt. Barnet sjølv. Kropp, sansar, vilkår for vokster og utvikling. Ta vare på det vi har fått, og bruke det rett. Naturen omkring oss. Frø, vokster, livet held fram. Kjærleik til naturen. Verne om den. Gud er far for alle. Vi er hans barn. Han har omsorg for oss. Han tilgjev oss. Vi kan vere trygge. Samvitet. For Gud er alle menneske like verdfulle, utan omsyn til utsjånad, rase, evner, eigedom osv. Samvære med andre. Gud har gjeve oss nokon å vere glade i og nokon som er glade i oss. Korleis vi kan hjelpe til med å få det godt og hyggeleg heime, på skolen, blant kameratar og blant andre menneske. Holdning til vaksne og barn som er annleis. Nestekjærleik. Bøn. Vi kan alltid be. Gud høyrer bønene våre, men han gjev ikkje alltid slike svar som vi ventar. Gud ser lenger enn oss. Ulike former for bøn. Guds hus. Dåp. Vi høyrer til i kyrkja vår og i kyrkjelyden. Kva dåpen gjev oss. Vi går i kyrkja. Litt om interiør og funksjon. Kviledag. Helg. Høgtid. Gud har gjeve oss kviledagen. Korleis vi kan bruke han. Bibelen. Bibelen er Guds ord. Han fortel om Guds forhold til menneska, og om korleis Gud sende sin son til verda. Forteljingar frå Bibelen: Jul. Advent. Førebuing til jul. Engelen kjem til Maria. Jesus blir fødd. Jesus blir boren fram i templet Vismennene hyllar Jesus. Flukta til Egypt. Jesus som barn. Miljøskildringar frå Jesu barndom. Arbeid. Skole. Jesus som 12-åring i templet. Jesus og barna. Mark. 10, 13-16. Jesu kjærleik og makt. Jesus stiller stormen. Dotter til Jairus. Jesus mettar 5000. Enkja i Nam. Dei ti spedalske. Den blinde i Jeriko. Jesus lærer disiplane å be. Jesus fortel. Den gode hyrdingen. Påske. Jesus rid inn i Jerusalem. Enkel forteljing om kvifor vi høgtidar påske. Hovudvekt på skjærtorsdag og påskedag.
Skann 88 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 86». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/88/