SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 78 skann 80

78 Vekt på friare aktivitetar ut over bunden minstetid. Vekt på lærestoff etter lokale behov — valfridom på barnesteget. Bruk av timar til tverrfaglege aktivitetar. Aktivitetar ut over klassegrensene. Orienteringsfag. Heimkunnskap. Timef or delingsplanar for udelt og fådelt skole. vere felles for klassane på kvart steg med utvidingar og avgrensingar i samsvar med det ein har grunn til å vente av elevane. Styrking av timetalet bør i prinsippet komme lærestoffog aktivitetar til gode som går ut over grunnleggjande stoff. Dette bør også gjelde i norsk, matematikk og engelsk. Tidkrevjande oppgåver som å konkretisere emne, t.d. ved gruppetiltak, bør fa ein rimeleg plass. Med romsleg timetal er det også lettare å få i stand ekskursjonar og besøk på utstellingar med systematisk føre- og etterarbeid. Det er mogeleg å innføre ein viss variasjon i timefordelinga også mellom dei ulike skolane innanfor same kommunen. Timetalsauking ut over bunden minstetid gjev dei einskilde kommunane høve til å leggje vekt på undervisningstiltak som stettar lokale ynske og behov. Det gjeld til dømes emne med tilknyting til heimstadlære og orienteringsfag der ein kan styrkje kunnskapen hos elevane om natur- og næringsliv på heimstaden. Med utgangspunkt i til dømes historie og samfunnskunnskap kan ein gje innføring i historiske emne og kulturliv i det lokale miljøet. Elevane på barnesteget kan bli sikra ein viss valfridom ved at skolen på timetabellen gjer ulike valtilbod parallelle innanfor ramma av dei obligatoriske faga. Valfridomen skal ikkje omfatte faga norsk, matematikk og engelsk. Bortsett frå klasserådsarbeid/elevrådsarbeid og valfag på ungdomssteget omfattar tabellen timar til arbeid med lærestoff i obligatoriske fag og faggrupper. Andre viktige gjeremål som ekskursjonar, idrettsarrangement, turar og leirskoleopphald har ikkje fatt tildelt timar. Slike tiltak og aktivitetar må derfor bli gjennomførte innanfor ramma av det timetalet som er fastsett til faga. Som del av skolelivet bør det vere plass til musikkgrupper, leikarring, dramagrupper, lagidrett 0.1. Når skolane planlegg timane, bør dei derfor leggje forholda til rette for gruppelagingar ut over klassegrensene etter behov. Ein del av dei oppsette valemna høver for slike tiltak. Læreplanen har alternative undervisningsopplegg for orienteringsfag på barnesteget. Skolestyret kan velje mellom eitt alternativ med fagplanar for heimstadlære, samfunnsfag og naturfag og eitt alternativ med ein integrert plan for desse faggruppene. Tabellen omfattar begge alternativa. Sentrale emne i heimkunnskap kjem med i begge alternativa. Ein bør syte for at barneskolar har rom og utstyr for heimkunnskap som gjev plass for praktisk undervisning i desse emna. Når ein set opp timefordelingstabellane for barnesteget i udelt og fådelt skole, tek ein utgangspunkt i tabellane for fulldelt skole. For klassar med fleire årskull saman bruker ein tabellen for fulldelt skole for det steget som svarar til øvste årskullet i klassen, med naudsynte tillempingar. For klasse som til dømes har elevar frå 1., 2. og 3. årskullet, legg ein timefordelinga for 3. klassesteget til grunn. Klasse for 4. og 5. årskullet følgjer i hovudsaka timefordelinga for 5. klassesteget i fulldelt skole. Dette fører til at elevar frå einskilde årskull får eit høgre timetal enn elevar på tilsvarande steg i fulldelt skole. Det er rimeleg at slike årskull får same timetalet pr. dag som i fulldelt skole dersom elevane ikkje må vente på skoleskyss. Det er å ynskje at elevar som får ventetid, blir aktiviserte med meiningsfylt friare verksemd. Timefordelinga gjev ei ramme for den tida som skal brukast på dei ulike
Skann 80 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 78». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/80/