SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 77 skann 79

Timefordeling Bunden minstetid og minstetid. Fridom til å disponere timetal ut over bunden minstetid. Felles timetalsramme og bunden timefordeling på ungdomssteget. Valfaga på ungdomssteget. Timefordeling og skyssproblem. Kortare skoledagar på 1.—3. klassesteget. Vekt på grunnleggjande stoff innanfor bunden timefordeling. Timefordelingstabellen gjeld for 5 og 6 dagars veke med undervisningstimar å 45 minutt. Den bundne minstetida på barnesteget er 123 timar, minstetida er 129 timar. Tabellen for ungdomssteget er på 90 timar. Skolestyret disponerer og fordeler timetal til styrking av fag og aktivitetar ut over det bundne minstetimetalet innanfor den ramma som er vedteken for kommunen. Det er likevel ein føresetnad at slik styrking blir fordelt nokolunde høveleg mellom teoretiske og praktisk/estetiske fag og kroppsøving. Timefordelingsplanen for ungdomssteget er bindande for alle kommunar, og han er grunnlaget for landsgyldig kompetanse. Det er ikkje høve til å gjere endringar i timetalsramma eller i fordelinga av dei obligatoriske faga og faggruppene, unnateke musikkfaget. (Sjå timefordelingstabellen.) For elevar som er med i ulike former for hjelpetiltak, er det i særlege tilfelle høve til å gjere endringar i den oppsette timefordelinga. Valfaga som omfattar i alt 15 (16) timar på 8. og 9. klassesteget, er eit område der dei lokalt fritt kan velje fag og aktivitetar og disponere timar innanfor den fastsette ramma. Undervisninga i valfag og valemne kan organiserast som kurs gjennom skoleåret og for kortare tidsrom. Valfaga kan vere teoretiske, t.d. matematikk, samfunnsrekning eller eit anna framandspråk. Dei kan også vere praktisk/estetiske eller yrkesmerkte. Dei fleste kommunar er avhengige av skyssordning, og somme kommunar har knapt høve til å organisere alternativ skyss for elevar som avsluttar skoledagen til ulike tider. I slike tilfelle er det frå fleire synspunkt ein fordel med heile skoledagar på alle klassesteg. Av omsyn til helse og trivsel og av pedagogiske grunnar bør ein likevel - om mogeleg - unngå å leggje opp skoleveka med systematisk undervisning i heile dagar for elevar på dei lågaste stega. Desse elevane bør vere sysselsette i ventetida. Ein bør da særleg leggje vekt på friare aktivitetar som idrett, bibliotekarbeid og hobbyprega arbeid. Skolane bør arbeide ut plan for slik verksemd i ventetida. Den bundne minstetida med fastsett fordeling av fag og timar for alle kommunar krev at skolane legg vekt på sentralt, grunnleggjande lærestoff frå dei einskilde fagplanane. Dette sentrale stoffet bør i hovudsaka
Skann 79 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 77». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/79/