SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 74 skann 76

74 Kor lang skoletid? Samarbeid mellom lærarane naudsynt. Førebuande lese- og matema tikkopplæring . Formålet ikkje «oppbevaring» av elevane. Krav om kvalitet når det gjeld førskoletilbod. Foreldrekontakt. utsetjing med å ta til på skolen etter § 12, 2 i grunnskolelova. For somme av desse elevane kan tilbodet i ein førskoleklasse passe, men knapt for alle. Ein bør syte for tidleg prøving av og hjelp til dei førskolebarna som treng spesialpedagogisk handsaming. Det har vore tale om ulik skoletid og ulike organisasjonsformer for førskoleklassar. I ein forsøksperiode er det rimeleg at ein prøver fleire former. Forsøk som er gjennomførte, tyder på at tre timar om dagen fem dagar i veka høver godt for elevane og gjev full utnytting av lærarkrefter, skolerom og læremiddel. Det er grunn til å vente visse overgangsvanskar i klassar som har både førskoleelevar og andre elevar. Desse vanskane bør ein kunne førebyggje ved samarbeid mellom førskolelæraren og læraren i første klasse. Dei må kjenne undervisningsopplegget til kvarandre og syte for ei gjensidig tilpassing på eit tidleg tidspunkt. Årsplanen for førskoleåret må tilpassast lærestoff og arbeidsmåtar i grunnskolen, men må og få verknader på undervisninga i første klasse. Kravet om gjensidig informasjon mellom førskolelærarane og dei andre lærarane gjeld ikkje berre avleverande og mottakande lærar. Kontakt- og informasjonsverksemda bør omfatte så mange som mogeleg av lærarane på skolen. Det er delte meiningar om elevane bør lære å lese i førskolen. Sidan førskolar er frivillige og elevane i dei fleste tilfelle vil komme i førsteklassar saman med elevar som ikkje har førskole, er det rimeleg at ein i førskolen berre har ei førebuande leseopplæring. På den andre sida må førskolen la elevar som kan lese når dei byrjar, fa halde fram å utvikle lesedugleiken. Same resonnement fører til at matematikkundervisninga og bør vere berre førebuande i førskolen. Det er viktig for trivselen at førskoleklassane ikkje kjenner seg isolerte ved den skolen der dei held til. Dei må vere ein del av det samla skolemiljøet, og heile personalet ved skolen må vise like stor interesse for dei som for dei andre elevane. Det må gjerast klårt at førskoleklassen like eins som andre sosiale og pedagogiske tilbod i førskolealder skal representere eit optimalt pedagogisk tilbod. Det er viktig at overgangen frå førskole til grunnskole tek form av ein kontinuerleg pedagogisk prosess. Dette aktualiserer nærare kontakt mellom ulike førskoletilbod og 1.-3. klassesteget i grunnskolen. Opplæringsplikta tar til etter måten seint her i landet, og vi står overfor ei utvikling når det gjeld førskoletiltak. Førskoleåret vil gje elevane eit betre utgangspunkt når dei tek til i første klasse. Elevar med lite stimulerande heimar vil bli i stand til å hevde seg relativt betre på høgare steg i skolen. Det er derfor viktig at dei førskoleklassane som blir sette i gang, held mål både når det gjeld lærarkrefter, rom og utstyr. Foreldre og andre føresette som har meldt barna sine til førskolen, bør alt om våren innkallast til orienteringsmøte. Når det gjeld kontakten mellom skolen og foreldra, er behovet minst like stort i førskolen som elles i skolen. Dei generelle retningslinjene som er gjevne for samarbeidet mellom heim og skole, må gjelde for førskoleåret dg. I den mon ein ser det tenleg, bør gjerne foreldra ta del i assisterande arbeid mellom førskolebarna.
Skann 76 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 74». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/76/