SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 73 skann 75

Frivillige skoletilbod Overordna mål som for grunnskolen elles. Ingen faste innlæringskrav . Det pedagogiske innhaldet i førskoleåret. Sosialmedisinske og pedagogiske hjelpetiltak. Førskoleklassar og skolemogningsklassar. Førskoleåret Dei overordna måla for grunnskolen skal gjelde for førskoleåret og. Det som da prinsipielt kjem til å skilje førskoleåret frå den vanlege undervisninga i grunnskolen, er at det er frivillig. I så måte står det i same stilling som det 10. året. I førskoleklassane skal det, som i barnehagen, vere stor pedagogisk fridom, og det skal ikkje setjast faste innlæringskrav til barna. Det blir drive forsøk med førskoleklassar i fleire kommunar. Når forsøksstadiet er passert, vil det komme nærmare retningslinjer for det pedagogiske innhaldet. Det er likevel visse prinsipp og aktivitetsområde ein bør ha for auge når ein skal planleggje og setje i gang førskoleklassar. I barnehagane har to ulike prinsipp vore lagde til grunn for den indre organisering av verksemda. 1) Prinsippet om fri leik og fritt skapande arbeid ut frå den spontane aktiviteten til barna, 2) eit klårt formulert program for visse innlæringsaktivitetar med systematisk utnytting av tida. I førskoleåret vil det vere rimeleg å velje ein kombinasjon av desse to prinsippa å organisere verksemda etter. Ein bør prøve å stette det behovet elevane har for spontan utfalding og oppleving saman med andre barn, tilfredsstille vitehugen deira og stimulere til gruppeaktivitet. Derfor må leik, skapande verksemd og musikk og song fa stor plass. Men meir systematisk læring som kan komme elevane til gode ved overgang til den obligatoriske skolegangen, bør og vere med. Naturlege læreemne kan vere t.d. eigen skoleveg, viktige trafikkreglar, lokalitetane på skolen og reglar for orden og åtferd. Målet må vere å gje elevane ei god sosial holdning. I førskoleåret må ein og syte for at elevane far utvida ordforrådet og utvikla språkforståinga. Det blir tale om enkle oppgåver i å oppfatte former og symbol, likskap og ulikskap, meiningsinnhald og relasjonar i bilete og resonnement ut frå gjevne opplysningar. Ein må og leggje vinn på utvikling og konkretisering av talomgrep. Det er rimeleg at ein i førskoleåret prøver å fa klarlagt om nokon av elevane har spesielle utviklingshemningar, og at dette i tilfelle fører til tiltak for å avhjelpe og førebyggje vanskane. Helsetenesta og andre hjelpetiltak for barn i den obligatoriske skolen må også førskolebarna nyte godt av. Det bør i prinsippet skiljast klårt mellom førskoleklassar og skolemogningsklassar. Dei fleste kommunar manglar tilbod til elevar som får
Skann 75 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 73». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/75/