SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 75 skann 77

75 Tilbod om eit ekstra år i grunnskolen. Stor fleksibilitet. Vaksenopplæring som alternativ. Undervisningsopplegg etter tilhøva på staden. Hospitering. Interkommunalt samarbeid. Variert tilbod av valfag. Timetal. Elevar med ulike føresetnader. Informasjon om det 10. skoleåret. Det 10. frivillige skoleåret I Lov om grunnskolen finn ein i § 2 heimel for å opprette eit frivillig 10. skoleår i tilknyting til grunnskolen. Dette skoleåret skal vere eit tilbod til dei elevane som av ein eller annan grunn ynskjer å gå eit ekstra år i grunnskolen. Det 10. skoleåret bør ha to funksjonar: Det bør representere eit alternativt skoletilbod, og det bør vere eit suppleringsår for dei elevane som ynskjer å betre og komplettere kunnskapane sine med sikte på opptak i andre skoleslag. Ein må rekne med at dei elevane som søkjer eit 10. skoleår, vil ha sterkt varierande interesser, evner og kunnskapar. For at skolen skal kunne imøtekomme behova til kvar einskild elev, vil det vere naudsynt med stor fleksibilitet. Elevane må sjølv fa avgjere om dei ynskjer full skoleveke eller om dei vil følgje undervisninga i eitt eller fleire fag. Av praktiske grunnar må ein gjere elevane merksame på at dei bør kjenne seg bundne av det valet dei gjer. Dei elevane som ynskjer å ta avgangsprøve, må fa høve til det, men det må og vere høve til å avslutte det 10. skoleåret utan prøve i noko fag. I kommunar der det er organisert vaksenopplæring for dei som ynskjer å gå opp til prøve etter krava i 9-årig skole, kan ein rå elevar som vil følgje undervisninga i fa fag i 10. skoleåret, til å søkje eit slikt opplegg. Undervisningsopplegget for det 10. skoleåret må avmåtast etter d«i lokale tilhøva. I større kommunar vil det til vanleg vere naturleg å skipe eigne 10. -klassar, men i einskilde fag eller timar vil det høve best at elevane hospiterer i 9. eller kanskje i 8. klasse. I små kommunar, der det ofte er for fa elevar til at ein kan skipe eigne klassar, bør elevane kunne fa tilbod om eit ekstra år i grunnskolen ved at dei far hospitere i 8. og 9. klasse. Somme stader kan tilhøva liggje til rette for interkommunalt samarbeid. Der det er mogeleg, må dei elevane som ynskjer eit fullstendig skoleår, fa eit godt og variert tilbod av valfag. I større kommunar kan eit samarbeid mellom skolane ofte gje elevane fleire høve til val. I dei faga der elevane ynskjer supplering med tanke på å ta ei prøve, bør timetalet pr. veke ikkje vere lågare enn det 9. klasse har i faget. Dersom det kan løysast reint praktisk, bør dei elevane som ynskjer eit høgare timetal i eitt eller fleire fag, fa høve til å velje det. I ein og same 10. -klasse kan ein få elevar med svært ulike føresetnader og interesser. Mange stader vil ein og fa 10.-klassingar som hospitantar i 8. og 9. klasse. Det vil derfor vere naudsynt at elevane lærer å arbeide sjølvstendig. Ein bør ha eit godt og variert utval av individuelle hjelperåder til disposisjon. Det vil vere til stor hjelp om dei er sjølvinstruerande og sjølvkontrollerande. Elevane og dei føresette må få grundig informasjon om dei tilbod skolen/kommunen kan gje for eit 10. skoleår.
Skann 77 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 75». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/77/