SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 72 skann 74

72 Timefordelings' spørsmål. Eit særskilt innføringsår Valfag Læremiddel Sørsamisk Finsk språk bakgrunn. Andre grupper same nivået som norsktalande elevar i grunnskolen. Målet er jamstelling og berre oppnåeleg når samisktalande elevar far ei grunnskoleutdanning som er heilt jamstelt med den som all annan norsk ungdom far. Når samisktalande elevar skal få vitnemål frå grunnskole med same kompetanse som elevar elles, kan det fastsette minimum timar ikkje reduserast for å få plass til opplæring i samisk språk. Men for elevar som får begynnaropplæringa på samisk, kan det bli aktuelt med ei anna fordeling av norsktimane enn den som er fastlagt, med færre timar i norsk dei første åra og etter måten fleire opp gjennom grunnskolen. Når det gjeld barnesteget, må skolestyret ha høve til å nytte timar ut over det bundne minimum til opplæring i samisk. På ungdomssteget må denne opplæringa komme i staden for den målforma elevane vel å sløyfe. Ei eventuell styrking av opplæringa i samisk i tillegg til dette må ein ta frå dei valtimane som elevane i samråd med skolen rår over. Ein har røynsle for at elevar i språkblandingsdistrikt blir stilte overfor større vanskar enn elevane elles. Spesielle styrkingstiltak i dei første skoleåra, eventuelt eit særskilt innføringsår, vil vere ynskjeleg å gjennomføre for at dei elevane det gjeld, skal fa same opplæringssjansar som elevane elles i landet. Samtidig med at ein finn fram til høvelege undervisningsopplegg og høveleg metodikk, skal ein i språkblandingsdistrikt ha høve til å undervise i mindre grupper eller klassar og eventuelt dele klassar i ymse fag. For ungdomssteget er fleire valfrie fag og emne lagde til rette. Blant desse er reindriftsfag med. Dette faget kan veljast fritt av alle elevar utan omsyn til kva skole dei er i, men faget har spesiell interesse for elevar i språkblandingsdistrikt. For at samisktalande elevar skal kunne nytte den retten dei etter lova har, må arbeidet med å gje ut lærebøker og undervisningsmiddel halde fram. Det vil derfor vere aktuelt å utvikle høveleg pedagogisk materiale for å tryggje ein betre opplæringssituasjon for dei samisktalande elevane. Dei største språkblandingsdistrikta finst nord i landet, men det er også andre grupper av samisk folkesetnad som er busette i Midt-Noreg. I samarbeid med ein vanleg grunnskole har den sørsamiske folkesetnaden fått sin eigen skole, og kan gjere bruk av opplegg som er i samsvar med rettane lova gjev dei. Det samiske språket i Midt-Noreg skil seg frå det samiske språket i nord, men likevel er det her mogeleg å nytte dei same prinsippa for utbygginga av skolen som er lagde til grunn for utbygginga i språkblandingsdistrikta i nord. Språkmateriellet må bli ulikt det som er nytta i dei nordlegaste språkblandingsdistrikta. Ved sida av den samiske folkesetnaden er det nord i landet ei folkegruppe med finsk bakgrunn. Elevar som høyrer til den finske folkesetnaden i landet, vil i første rekkje ha behov for å nyte godt av det eksisterande opplegget med norsk som framandspråk. Dette opplegget er laga for samisktalande elevar, men det vil høve like godt for elevar med ein annan språkbakgrunn. Utviklingsarbeidet vidare med norsk som framandspråk må ha som siktemål også å dekkje elevar frå distrikt med finsktalande bakgrunn. I tillegg til dei elevane med ulik språkbakgrunn som her er nemnde, vil det og vere aktuelt i norsk skole å gje opplæring til barn av foreldre som kjem til landet som framandarbeidarar. Utviklingsarbeidet med norsk som framandspråk må derfor også ta omsyn til ei slik elevgruppe.
Skann 74 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 72». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/74/