SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 71 skann 73

Elevar i språkblandingsdistrikt Samiske elevar. Grunnskolelova gjev samiske elevar rett til å bruke sitt eige språk i skolen. På denne måten er dei sikra å fa si første leseopplæring på morsmålet. I språkblandingsdistrikta kan foreldre som nyttar samisk som dagleg talemål, krevje opplæring i samisk for barna sine. Som generelt prinsipp er det fastslått at i dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer, både bokmål og nynorsk. Den eine målforma skal vere hovudmål, og det er eleven sjølv som avgjer kva for målform han vil nytte som hovudmål. Elevar med samisk talemål har i tillegg til dette rett til å velje samisk som ei av målformene. Også da er det eleven sjølv som avgjer kva målform han vil nytte som hovudmål, samisk eller bokmål/nynorsk. Val av språkform. Denførste Opplæring i samisk tek først og fremst sikte på å gje samisktalande elevar same retten som alle andre elevar til å fa den første leseopplæringa på morsmålet. Dernest siktar opplæring i samisk på å halde oppe og føre vidare samisk språk og samiske kulturtradisjonar. leseopplæringa. To kulturformer. Det er ei viktig oppgåve å gjere dei samisktalande elevane fortrulege med dei to kulturformene som dei står overfor i språkblandingsdistrikt. Dette er noko meir enn opplæring i to språk. Sjølv om språkfaga er den viktigaste reiskapen til å gjere seg kjend med dei to kulturane, så har alle fag sitt å seie for at elevane skal vekse og utvikle seg innafor dei aktuelle kulturformene. Det gjeld derfor å finne ein balanse mellom dei to kulturane som elevane skal bli ein del av. Det er rimeleg å tenkje seg at hovudvekta vil liggje på samisk språk og samisk kultur på dei lågaste klassestega, og at den gradvis vil gå over til å liggje på norsk språk og norsk kultur på dei høgaste klassestega i grunnskolen, men begge må vere med frå først til sist. I det ligg det at sjølv om den første leseopplæringa skjer på morsmålet — i dette tilfellet samisk — må norsk komme inn på dei første klassestega som det første framandspråket. Framandspråket må innførast så lempeleg at det ikkje grip forstyrrande inn i leseopplæringa på samisk. I den første perioden må ein leggje vekta på ei enkel, munnleg samtaleform i framandspråket. Etter kvart som opplæringa går fram, får framandspråkopplæringa ein større plass i den samla språkopplæringa. Det er likevel viktig å ha for auge at norsk er eit framandspråk for samisktalande elevar, og at det derfor må få eit metodisk opplegg som er i samsvar med moderne framandspråkopplæring. Norsk som framandspråk. Same målsetjing. Målsetjinga for grunnskolen er den same i språkblandingsdistrikt som elles i landet. Det vil seie at dei samisktalande elevane skal førast fram til
Skann 73 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 71». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/73/