SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 70 skann 72

70 Reglementsføresegner Tiltak for elevar som er * lite sholemotiverte. ein nær og tillitsfull personleg kontakt med læraren. Sosial tryggleik blir ikkje skapt ved at ein tek omsyn til eleven fordi han er annleis, men først og fremst ved at alle elevane i det sosiale miljøet far oppleve at dei høyrer til i gruppa. Slik tryggleik blir også skapt ved at elevane har medansvar og retten til å vere med og ta avgjerder når det gjeld verksemda til gruppa. Integrert undervisning av barn med spesielle lærevanskar set også krav til totalmiljøet i skolen. Ein må setje krav til utforminga av skolebygningen, til materiell, utstyr og pedagogisk kvalitet. I tillegg er det nødvendig å arbeide aktivt for å skape ei aksepterande og naturleg holdning til dei spesielle vanskane til eleven. Sosialpedagogisk opplegg, informasjon som gjev innsikt, forståing og konstruktiv holdning hjå foreldra, lærarane og elevane, alt dette er nødvendig for å skape ei aksepterande og sunn innstilling i skolesamfunnet. «Føresegner for grunnskolen» inneheld nærmare reglar for hjelpetiltak. I reglementet er det gjeve retningslinjer for korleis dei skal organiserast og korleis ein skal ta ut og følgje opp elevar som får slik undervisning. Av stillingsinstruksane går det fram kva for plikter som ligg på leiinga for skolen, på lærarpersonalet, på den pedagogisk-psykologiske rådgjevingstenesta og andre instansar når det gjeld å planleggje og gjennomføre hjelpetiltak. For lite skolemotiverte elevar kan det vere ynskjeleg med tiltak der ein legg spesiell vekt på trivselsmomentet. I slike tilfelle må skolen syte for at både eleven sjølv og dei føresette er med på å drøfte og planleggje dei tiltaka som blir sette i gang. Tiltaka kan femne om opplegg for mindre grupper og for elevar einskildvis. Skolen kan gjere monalege avvik frå den timefordelinga som er sett opp, for å kunne gjennomføre opplegg som passar for den einskilde eleven. Dette må likevel ikkje svekkje det samla undervisningstilbodet. På ungdomssteget fell det naturleg at timar til valfag og valemne blir brukte til slik undervisning. Utplassering i arbeidslivet må skje i samarbeid mellom skolen og arbeidskontoret og den bedrifta det gjeld. Slike opplegg kan ein ordne ved at eleven er på arbeidsplassen ein del av skoledagen nokre dagar i veka, eller ein lengre periode i løpet av skoleåret. I den tida ein elev er utplassert i arbeidslivet, må skolen syte for at det blir etablert formålstenlege kontakt- og samarbeidsordningar med dei som har ansvar for elevane på arbeidsstaden.
Skann 72 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 70». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/72/