SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 69 skann 71

69 Individuell progresjon Arbeidsmåtar Elev aktivitet Rom, utstyr, læremiddel Krav til lærarane Krav til skolemiljøet. I eit undervisningsprogram for funksjonshemma må det vere eit absolutt krav at opplæringa blir lagd slik til rette at det gjev høve til individuell progresjon i samsvar med mogningsnivået og lærerytmen til elevane. Det betyr m.a. at gjennomgåinga av eit bestemt lærestoff ikkje blir knytt til fastsette tidsrammer. Ein må disponere lærestoffet slik at det følgjer ein naturleg progresjon, men med opplegg som er tilpassa den einskilde eleven. Det allmenne synet på arbeidsmåtar og på gjennomføringa av undervisninga som læreplanen gjev uttrykk for, gjeld i hovudsaka også for dei funksjonshemma. Elevar med lærevanskar har på same måten som andre elevar svært ulike føresetnader for skolearbeid. Med støtte i observasjonar av eleven må ein fastsetje arbeidsmåtane ut frå eleven sine føresetnader. Det behovet eleven har for individualisert undervisning, krev eit breitt register av arbeidsmåtar. I enda større mon enn andre er elevar med lærevanskar avhengige av konkrete og realistiske røynsler for å kunne tileigne seg kunnskap og dugleik. Gjennom den daglege verksemda på skolen må ein prøve å fremme arbeidsglede, formålstenlege arbeidsvanar, evne til å tilpasse seg sosialt og å samarbeide med andre. Eigenaktiviteten til elevane må derfor ha ein heilt sentral plass i eit spesialundervisningsopplegg. I tillegg til at det i klasserommet må vere mogeleg å drive allsidig elevaktivitet, må ein prøve å nytte ut sjansane for å lære i kontakt med omgjevnadene. Ein må leggje vekt på arbeidsmåtar og aktivitetsområde som har direkte samanheng med dei krava og utfordringane som elevane møter i dagleglivet. Varierte, praktiske heimeoppgåver kan vere eit høveleg middel til også å få foreldra med i eit aktivt samarbeid om å lære opp barna. Hjelpetiltaka krev særleg gode arbeidsforhold. Skolane må disponere høvelege rom som må vere formålstenleg utstyrte. Det er avgjerande for kvaliteten av denne undervisninga at rom og utstyr er tilfredsstillande. Dei synspunkta og råda som er gjevne i kapitlet om læremiddel, gjeld for det meste også for hjelpetiltaka. Dei fleste læremidla, som t.d. trykte læremiddel, audiovisuelt materiale, sjølvinstruerande materiale og metodesystem, er funksjonelle i spesialundervisninga og,, sjølv om bruksmåten ofte vil vere annleis enn i vanleg undervisning. Reint allment vil det auka behovet for å konkretisere undervisninga føre med seg eit tilsvarande stort behov for ei rik og variert samling av læremiddel. I tillegg vil det for hjelpetiltaka ofte vere behov for spesielt utstyr og spesielle læremiddel, t.d. av teknisk slag. Kravet om å konkretisere undervisninga, om stor elevaktivitet og varierte arbeidsformer føreset rikeleg plass i klasserommet. Det må vere sjølvsagt at lysforhold og akustiske forhold er så gode som mogeleg. Krava til ei fullgod undervisning for funksjonshemma inneheld også krav om at lærarane skal ha god innsikt i å behandle elevar og å kunne samarbeide med elevane og deira føresette og med kollegaer. Like viktig er det at lærarane har spesialpedagogisk utdanning. Det er også ynskjeleg at lærarar som har ansvaret for mindre omfattande hjelpetiltak, har spesialpedagogisk innsikt. Til og med små lærevanskar gjer barn utrygge. Den viktigaste oppgåva som læraren står overfor når han får ein funksjonshemma elev i gruppa, er å gje eleven ei kjensle av sosial tryggleik. Eleven må få reelle høve til å oppnå positiv kontakt med dei andre elevane i gruppa, og til å oppleve
Skann 71 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 69». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/71/