SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 68 skann 70

68 Overføring og attendeføring. Lærestoff. Funksjonsopp bygging Fagintegrering, emneopplegg. Sosial øving Undervisninga ved sosiale og medisinske institusjonar føreset høvelege rom eller eigne skolar. Skolen må til kvar tid vurdere dei hjelpetiltaka som er i gang, og følgje utviklinga til den einskilde eleven. Når det blir organisert hjelpetiltak utanfor ramma av ordinær undervisning - på skolen eller eksternt - må ein førebu overføring av elevar godt. Spesiallærar og klasselærar bør samarbeide om å planleggje og leggje til rette det nye undervisningsopplegget. Ved attendeføring bør spesiallæraren informere og rettleie den eller dei lærarane som tek over. Attendeføringa bør skje i samråd med eleven og foreldra hans og med dei instansane som har gjeve råd om plassering. Dersom flytting til ein annan skole fører med seg at elevar skifter målform, skal skolen gje særskild hjelp i norsk etter behov. For utanlandske elevar som tek til i norsk skole, vil ei slik undervisning som regel vere nødvendig. Å flytte til ein skole med eit anna undervisningsopplegg, t.d. i matematikk eller engelsk, kan føre til behov for særskild hjelp for å lette overgangen. Det allmenne siktepunktet for læreplanen med omsyn til utval av lærestoff gjeld prinsipielt for hjelpetiltaka og. Men læraren står friare i val av læreemne innanfor rammene av planen. For nokre grupper vil det vere aktuelt å velje ut lærestoff og øvingsoppgaver som ikkje er nemnde i mønsterplanen, nettopp for å kunne gje elevane den hjelpa dei treng. Å lære tradisjonelle kunnskapar og dugleikar krev visse grunnleggjande funksjonar som ofte manglar hjå funksjonshemma elevar. Den første oppgåva for skolen blir derfor å byggje opp grunnlaget for at eit barn kan fungere formålstenleg i ein læresituasjon og i sosiale samanhengar. Slik funksjonsoppbygging gjeld sosial utvikling, motorisk dugleik, herredømme over språket, oppgåvemedvit 0.1. Val av lærestoff og aktivitetsområde må rette seg etter denne funksjonsoppbygginga. Eit karakteristisk drag ved elevar med lærehemningar er dei vanskane dei har med å føre det dei lærer over til ein annan samanheng. Skal ein gje elevar som er sterkt hemma, funksjonell kunnskap, må ein derfor ta i bruk ei integrert undervisningsform der ein nyttar ut alle naturlege tilknytingspunkt mellom kunnskaps- og aktivitetsområde. Ein bør ikkje spalte lærestoffet opp i avgrensa fagområde, men leggje det slik til rette at dei ulike emneområda blir sette inn i ein samanheng som elevane kan oppleve som meiningsfylt. Undervisninga innanfor dei einskilde fagområda må leggjast opp slik at elevane lærer å meistre situasjonar frå dagleglivet og seinare blir i stand til å møte krav frå yrkes- og samfunnslivet. Funksjonshemma barn har ofte lita røynsle i å omgåast andre. I mange tilfelle manglar dei også føresetnader for å kunne tileigne seg sosiale røynsler på same måten som andre barn. Spesialundervisninga må derfor i langt større grad enn vanleg undervisning leggje vekt på lærestoff og aktivitetar som tek sikte på å setje elevane i stand til å meistre dei praktiske og sosiale situasjonane frå dagleglivet. Kunnskap og dugleik som barn ofte tileignar seg ved eiga hjelp, kan funksjonshemma elevar nå berre ved systematisk øving. Døme på aktuelle emne i denne samanhengen er vanlege omgangs- og samværeformer og daglege gjeremål i heimen. Så langt det er råd, må elevane fa praktisk øving ved å bruke dei naturlege høva til opplæring som byr seg i miljøet. Sosial øving gjev gode høve til samarbeid mellom skolen og heimen.
Skann 70 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 68». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/70/