SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 67 skann 69

67 Innanfor ramma av klassen. Utanfor ramma av klassen. Spesialklassar j spesialgrupper i vanleg skole. Spesialskole. Sosiale og medisinske institusjonar. det kan føre til nært samarbeid mellom dei lærarar og andre fagfolk det gjeld, og slik at det blir mogeleg for elevar, foreldre og skolen i fellesskap å velje den ordninga som er best. Så langt det er pedagogisk forsvarleg, må elevar med vanskar få hjelp innanfor ramma av klassen eller storklassen. Dette krev ei pedagogisk differensiering som innanfor klassen gjev rom nok for individuell hjelp. Slik undervisning kan klasselæraren leggje til rette, eventuelt med råd frå eller rettleiing av andre lærarar eller rådgjevar. Ein kan også ordne undervisninga på den måten at to eller fleire lærarar deler oppgåver og ansvar (lagundervisning) . Med ei slik ordning blir elevane underviste einskildvis eller i grupper. Men det kan og vere aktuelt å nytte noko av skoletida til å undervise elevar einskildvis eller i grupper utanfor ramma av klassen. I slike tilfelle må ein samordne heile undervisninga, noko som krev nært samarbeid mellom alle lærarane som står for ho. Det vil oftast vere nødvendig med ei særskild pedagogisk differensiering av opplæringa i klassen til vedkommande elev, slik at progresjon, val av lærestoff, metodar, elevhandsaming 0.1. blir mest mogeleg tilmåta. Ein del elevar har spesielle opplærings- og kontaktbehov som det kan vere vanskeleg å ta omsyn til jamvel i ei lita gruppe. Det gjeld t.d. elevar med markerte forstyrringar i konsentrasjonsevna. Desse elevane bør få ein del av opplæringa si som einetimar. Det same gjeld elevar med spesielle øvingsbehov, som t.d. behov for artikulasjonsøving. I nokre tilfelle kan elevar ha bruk for å få heile undervisninga si lagd til rette i mindre grupper og eventuelt i særskilt utstyrte rom. Slike grupper får nemninga spesialklassar. Føresetnaden for ei vellukka ordning med spesialklassar i vanleg skole, er at det blir lagt stor vekt på å skape eit godt miljø for desse klassane gjennom informasjon til dei andre lærarane og elevane på skolen og til foreldra. Når eleven sitt behov for undervisning er slik at det er svært vanskeleg å ta omsyn til det gjennom dei ordinære hjelpetiltaka på skolen, kan det vere aktuelt med plassering i spesialskole. Slike skolar vil såleis kunne fungere som supplement til dei vanlege grunnskolane, samstundes som dei gjer det mogeleg å konsentrere heile skolemiljøet om bestemte oppgåver. Den faglege innsikta som personalet ved spesialskolane representerer, og resten av ressursane til skolen bør også kunne brukast til observasjon og rettleiing i samband med hjelpetiltak i vanleg skole. Når forholda ligg til rette for det, bør spesialskolane i samarbeid med den pedagogisk-psykologiske rådgjevingstenesta kunne ta på seg oppgåver i det spesialpedagogiske utviklingsarbeidet. Desse oppgåvene kan vere av allmenn informativ karakter eller gjelde visse elevar. Elevar som held til i sosiale og medisinske institusjonar og fengsel, har rett til opplæring. Det same gjeld andre som duger for opplæring, men som ikkje har fått den opplæringa dei har krav på. Slik opplæring spenner frå øvingsaktivitetar for psykisk funksjonshemma til undervisning ved sjukeseng. Når det er nødvendig, må undervisninga leggjast opp i samråd med medisinsk og psykologisk sakkunnige, eventuelt også andre sakkunnige. For elevar som mellombels held til i institusjon, må det leggjast vekt på å gå gjennom slikt lærestoff som ein arbeider med i klassen til eleven, slik at attendeføringa blir så lett som råd. Dette krev god kontakt mellom institusjonslæraren og klassestyraren til eleven.
Skann 69 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 67». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/69/