SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 5 skann 7

Minstekrav ikkje fastsette. Slutt på kursplansystemet Fagplanar / konsekvensar av dei måla og intensjonane som lova og forarbeida til ho har gjeve for undervisninga i grunnskolen. At han er ein rammeplan, vil seie at lokale instansar - skolestyret, den enkelte skolen og den enkelte læraren - kan verke mykje inn på det faglege innhaldet i skolen. Dette tyder likevel ikkje at ein kan velje ut og presentere stoff ut frå vurderingar som står i strid med dei som ligg til grunn for mønsterplanen. Med støtte i fråsegner som er komne inn, er framlegget frå Normalplanutvalet om 3-årsplanar supplert med rettleiande årsplanar for dei enkelte faga og klassestega. I samsvar med det synet som kom fram frå Folkeskolekomitéen av 1963 og i framlegg frå Normalplanutvalet, er planen utarbeidd utan at det er fastsett obligatoriske minstekrav. Dette er gjort for at undervisninga lettare skal kunne tilpassast evner og interesser hos kvar einskild elev. Ein har gått bort frå kursplansystemet. Kyrkje- og undervisningsdepartementet tenkjer seg at den enkelte skolen etter godkjenning av skolestyret skal kunne avgjere om han vil bruke tilbodet om organisatorisk differensiering i ei overgangstid. På same måten bør kvar einskild skole avgjere når og i kva for fag skolen ynskjer å gå bort frå den organisatoriske nivågrupperinga. Med denne fridommen for kvar skole skulle ein sikre at det systemet som blir valt, kan gjennomførast. Det vil ikkje bli utarbeidd spesielle undervisningsplanar for ulike differensieringsformer, men i samsvar med det som er sagt av Kyrkjeog undervisningskomiteen (jfr. Innst. S nr. 287 1971-72), vil Grunnskolerådet utarbeide generelle retningslinjer for dugleikar og emne som elevane bør rå over. Grunnskolerådet vil gje ut eit orienteringshefte til mønsterplanen som gjev nærare rettleiing om organiseringa av undervisninga. Fagplanane er hovudsakeleg oppbygde etter same disposisjonen som i framlegget frå Normalplanutvalet: 1. Mål. 2. Lærestoff presentert i 3-årsbolkar med rettleiande planar for klassestega som viser ein meir detaljert progresjon. 3. Arbeidsmåtar. 4. Læremiddel. 5. Vurdering. Plan for samisk med skriftforming er for ungdomssteget førebels avgrensa til samisk som sidemål. Eit utval som er oppnemnd av Grunnskolerådet, har utarbeidd supplerande samisk stoff til ei rekkje av fagplanane. Plan for norsk som framandspråk byggjer på prinsippa for framandspråkundervisning og på røynsler med språkmateriell som er utprøvd i språkblandingsdistrikt i Finnmark. Planen representerer eit undervisningstilbod til elevar som ikkje har norsk som morsmål eller som hovudspråk, og kan gjelde både elevar i språkblandingsdistrikt og utanlandske elevar som i stadig større tal søkjer norsk skole. Matematikkfaget, som i den mellombels utgåva vart presentert i to alternativ, er etter ynske frå Stortinget omarbeidd av ein offentleg komité og er lagt fram som ein plan. Det er ein føresetnad at matematikkfaget skal vere valfag på 9. klassesteget, men inntil ein har fatt nye lærebøker, vil faget vere obligatorisk også på 9. klassesteget for dei elevane som i skoleåret 1973-74 går i 5., 6. og 7. klasse. Desse elevane fylgjer ein revidert plan bygd på Forsøksplanen av 1960. Departementet har fatt fleire oppmodingar om at ein må tilby ein
Skann 7 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 5». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/7/