SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 4 skann 6

Generelle synspunkt. Samisk kultur og historie. Heimkunnskap sopplegget. Elev samarbeid på tvers av grensene for klassestega. Lagundervisning. Sjølvinstruerande undervisningsmiddel. Vurdering. Klassestyraren har eit koordineringsansvar. Timefordeling. Ein retningsgjevande plan. Matematikk og samfunnsrekning (omarbeidd). Livssynsorientering (omarbeidd). Personlære (ny plan). Teknologi (ny plan). Mediakunnskap (ny plan). V Tillegg. Minstekrav til innbu og læremiddel (ny) . Stikkordliste (ny). Det er lagt litt anna vekt på visse prinsipielle synspunkt anten ved å endre formuleringar i den generelle delen av mønsterplanen, eller ved sterkare å streke under synspunkta i fagplanane. Dette gjeld m.a. desse punkta: I samsvar med ynske som er komne fram i Stortinget og frå anna hald, er innslaget om samisk kultur og historie styrkt gjennom heile planen. Synspunkt på likestilling mellom kjønna er tekne med fleire stader i fagplanane. Heimkunnskapsopplegget er gjeve ein fastare struktur, ved at det i mønsterplanen er ein føresetnad at også alle skolane for barnesteget må ha rom og utstyr for praktisk heimkunnskapsundervisning. I den nye planen blir det særleg understreka korleis det kan vere mogeleg å integrere heimkunnskap og forming nærare. Under kapitlet om arbeidsmåtar er det lagt vekt på at eit fastare organisert elevsamarbeid betyr mykje. Det er også teke med eit avsnitt om samarbeid på tvers av grensene for klassestega (slik at eldre elevar i større mon enn før kan vere hjelparar for yngre elevar) . Vidare er det under same kapitlet teke med eit avsnitt om lagundervisning, dvs. fast organisert samarbeid mellom lærarar. <• I M 7 1 er det sterkt understreka at dei sjølvinstruerande hjelpemidla kan vere med å løyse differensieringsproblema. Dette er dempa noko ned i M 74. Mønsterplanen tek ikkje for seg karaktergj eving, men omtalar evaluering generelt. Reglementet inneheld nærare føresegner om karaktergjeving. Planen inneheld ei nærare presisering av det ansvaret klassestyraren har for at undervisningsstoffet i dei obligatoriske emneplanane blir behandla av lærarane i klassen. I kapitlet om timefordeling blir det gjort greie for vedtektene om høve til å flytte timar frå eit klassesteg til eit anna på barnesteget. Avsnittet om valfridom på barnesteget er halde ved lag i samsvar med det som er sagt i St. meld. nr. 46 1971-72, om Mønsterplan for grunnskolen. Det er gjort ei redaksjonell endring i timefordelingstabellen. Musikkfaget er ført opp med 1 time for veka både på 8. og 9. klassesteget med tilsvarande endring for naturfag på 8. og valfag på 9. klassesteget. Dette er for så vidt inga realitetsendring, da kommunane framleis kan gjere musikkfaget frivillig på desse klassestega. Det er tanken frå departementet si side at musikkfaget skal gjerast obligatorisk på heile ungdomssteget når lærarsituasjonen er vorten betre for dette faget. Det er ein føresetnad frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet at Mønsterplan for grunnskolen skal vere ein retningsgjevande rammeplan. At han er retningsgjevande, tyder at han prøver å trekkje opp praktiske
Skann 6 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 4». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/6/