SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 6 skann 8

vidaregåande matematikkplan for 9. klassesteget, bygd på undervisninga på 8. klassesteget. Departementet vil ta omsyn til dette, og har bede Grunnskolerådet om å utarbeide ein slik plan, som vil bli utgjeven i eit eige suppleringshefte til mønsterplanen. Elevar på 9. klassesteget som ynskjer matematikk, vil da kunne velje mellom repetisjonsplan, ein vidaregåande plan eller ei rekkje spesialemner (jfr. kapitlet om Valfag, matematikk og samfunnsrekning) . Orienteringsfaget for 1.-6. klassesteget er nytt i høve til framlegget frå Normalplanutvalet. Det tek utgangspunkt i Normalplanutvalet si drøfting av behovet for eit integrert orienteringsfag. Planen for orienteringsfaget gjev plass til emne og aktivitetar frå heimkunnskapsplanen for dei tilsvarande åra ved sida av stoff i heimstadlære, naturfag og samfunnsfag. Orienteringsfaget er eit alternativ til dei aktivitetane og faga som er nemnde her. Dei obligatoriske emna som har fatt si eiga utforming i mønsterplanen, må ikkje sjåast på som fagplanar som må fa spesiell tid, spesiell lærar eller behandlast på spesiell måte. Eit obligatorisk emne er fordelt på eitt eller fleire av faga, og momenta kan komme inn på fleire klassesteg. Ei eiga framstilling av emnet vil gje ei samla oversikt over kva som i hovudtrekk vil vere inkorporert i fagplanane. Ei samla og fyldigare framstilling skal gjere det lettare å sikre at emnet som heilskap far den plass det skal ha i undervisninga. Dei ikkje-obligatoriske emna stiller ikkje krav om å fa ein fast plass i undervisninga, men planane skal vere til hjelp for dei som ynskjer å ta opp slike emne. Valfag og valemne kan vere teoretiske eller praktisk/estetiske. Det er lagt vekt på ei fleksibel ordning når det gjeld valfaga, slik at desse faga og emna i større grad skal kunne leggjast til rette ved kurs over kortare eller lengre periodar. Det skal vere mogeleg å ta opptil fleire kurs eller emne på eitt år.
Skann 8 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 6». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/8/