SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 66 skann 68

66 Organisering av hjelpetiltak. Interne og eksterne tiltak ingane som er gjorde. I denne samanhengen er det viktig at dei føresette kjenner seg trygge på at personlege opplysningar blir behandla konfidensielt. Slikt samarbeid med dei føresette er ein del av hjelpetiltaka til skolen. Det skal gje dei føresette betre grunnlag for å forstå problema, og dessutan gjere det mogeleg for dei aktivt å hjelpe til med å redusere vanskane. Skolen har ansvar for at forholda blir lagde til rette for eit aktivt og nært samarbeid med foreldra, slik at det kan vere mogeleg for heim og skole i fellesskap å vurdere og drøfte situasjonen til eleven og finne fram til formålstenlege tiltak. Skolen har plikt på seg til å samarbeide med foreldra om avgjerder som ein må ta om barna deira. Hjelpetiltaka kan femne om særskilt tilrettelagd undervisning i vanleg klasse, for elevar einskildvis utanfor vanleg klasse, i særskilde grupper og i klassar. Dei kan dessutan bli organiserte i eigne skolar, i sosiale og medisinske institusjonar og som heimeundervisning. Hjelpetiltaka kan også femne om råd og andre former for støtte til lærarar, og dei kan vere retta mot skolemiljøet elles dersom dette er beste måten å hjelpe einskildelevane på. ' Hjelpetiltaka set etter måten større krav til ressursar, som innsikt i eleven sine vanskar og evner, tilgang på læremiddel og utstyr, spesielt planarbeid 0.1. Dei krev også eit vel utvikla og formålstenleg samarbeid blant lærarane på skolen og resten av personalet, som meir eller mindre direkte kjem i kontakt med dei elevane det gjeld. Den pedagogiskpsykologiske rådgjevingstenesta må ta del i dette samarbeidet. I praksis står skolen ikkje fritt når det gjeld måten å organisere hjelpetiltaka på. Klasseinndelinga på skolen, elevgrunnlaget, forhold som har med kommunikasjon å gjere og liknande vil kunne avgrense måtane det kan organiserast på. På mange stader vil t.d. føresetnaden for særskilde klassar vere ei sentralisering som korkje er praktisk mogeleg eller ynskjeleg. Det vil heller ikkje vere realistisk å tenkje seg alle hjelpetiltaka ordna som timar for elevar einskildvis eller i svært små grupper. I slike tilfelle må ein leggje meir vekt på å samordne hjelpetiltaka med den andre undervisninga i klassen. Ressursane til slik opplæring må ein da i stor mon nytte samla, og opplæringa blir eit felles ansvar for klasselærar og spesiallærar. Dei hjelpetiltaka som blir organiserte innanfor ramma til den einskilde klassen og skolen, blir gjerne kalla interne, medan dei som går føre seg i særskilde skolar, institusjonar og heime, blir kalla eksterne. Svært ofte vil det vere ein klår samanheng mellom behovet for eksterne tiltak og utviklinga av dei interne. Målet er derfor generelt å utvikle dei interne tiltaka, slik at behovet for dei eksterne blir minst mogeleg. Når det ligg føre eit behov for opplæring som den einskilde kommunen ikkje har ressursar til å ordne aleine, kan ein løyse det med interkommunalt samarbeid. Det vil også ofte vere behov for meir omfattande samarbeid innanfor større regionar eller heile fylket. I slike høve må ein komme fram til ein interkommunal avtale. Med slikt samarbeid tek ein mellom anna sikte på å byggje opp den pedagogisk-psykologiske rådgjevingstenesta med eit allsidig mannskap som kan hjelpe den einskilde skolen og læraren. Vidare vil det fagleg og administrativt kunne medverke til innbyrdes samordning av dei eksterne tilboda og sikre god kontakt med den einskilde grunnskolen. Målet er at heile den pedagogiske verksemda blir organisert slik at
Skann 68 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 66». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/68/