SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 65 skann 67

Hjelpetiltak og spesialundervisning Elevar med behov for hjelpetiltak. Tidleg diagnostikk av barn og ungdom med behov for hjelpetiltak. Rett og plikt til hjelpetiltak og spesial- undervisning. Samarbeid med heimen. Elevar med behov for hjelpetiltak utgjer ei ueinsarta gruppe med mangearta og ofte samansette vanskar og behov. Det kan gjelde ulike grader av sansesvikt, evnesvikt, talevanskar, åtferdsskiplingar eller rørslehemningar. Både i art og omfang spenner vanskane over eit vidt felt, frå ei relativt avgrensa funksjonshemning til komplekse skadar og alvorlege vanskar på ei rekkje område. Slike vanskar og skadar kan føre med seg emosjonelle og sosiale problem som hemmar utviklinga enda meir og forsterkar krava til eit formålstenleg undervisnings- og behandlingsopplegg. Vellykka integrering i eit naturleg sosialt fellesskap krev innsats og målmedvite arbeid både av skolen og av personane og institusjonane skolen samarbeider med. Skolen bør så tidleg som råd prøve å bli klår over kva for behov den einskilde eleven har for hjelpetiltak. På denne måten aukar skolen sjansane for å kunne førebyggje og gje tidleg hjelp. I tillegg far skolen betre tid til å planleggje. Det vil vere naturleg at den pedagogisk-psykologiske tenesta og helsetenesta samarbeider ora diagnostisering av barn i førskolealderen. For barn og ungdom i skolealderen er det oftast klassestyraren som først konstaterer at det er behov for hjelpetiltak. Klassestyraren har plikt til å melde frå om dette. Gjennom den daglege kontakten med elevane får læraren mange høve til å setje seg inn i elevane sin situasjon både på skolen og heime. Stundom blir det behov for ei omfattande pedagogisk-psykologisk vurdering av sosiale, emosjonelle og evnemessige faktorar. Spesielle lærevanskar kan gjere det nødvendig med ei særleg kvalifisert pedagogisk vurdering. Det kan og vere behov for medisinsk undersøking. Vidare kan det bli bruk for opplysningar om den tidlegare skoleganga og utviklinga til barnet. Lov om grunnskolen slår fast at skolestyret skal ordne med hjelpetiltak for alle elevar som treng det. Det er ein føresetnad at tiltaka skal vere tilpassa dei individuelle behova og sjansane for utvikling hos elevane. Slik opplæring femner om både vanlege skolefag og øvingsaktivitetar som ikkje krev at eleven er så skolemogen som han tradisjonelt bør vere for å ta til med begynnaropplæringa. Skolen og heimen må etablere eit ope og tillitsfullt samarbeid for å hjelpe elevar med spesielle vanskar. Skolen må både skaffe seg og gje nødvendig informasjon om problema til elevane og om dei undersøk- 5. Mønsterplan. Nyn.
Skann 67 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 65». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/67/