SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 64 skann 66

64 Også denne rådgjevingstenesta bør ha interessa retta mot skolen som heilskap og arbeide for å utvikle det sosiale miljøet og leggje tilhøva slik til rette at ein førebyggjer feilutvikling hos elevane. Yrkesorientering Ymse yrke og naudsynte føresetnader. Samfunnsorientering. Aktivitetsprinsippet. Individuell utplassering - tilfeldig kontakt. Kombinasjon av teoretisk og praktisk yrkesorientering. Personlegdomsutvikling og holdningar. Yrkesorienteringa har til hovudmål å hjelpe elevane med å førebu val av yrke eller vidare utdanning ved å gje dei kjennskap til dei ymse yrka og naudsynte føresetnader. Yrkesorienteringa skal bl. a. hjelpe til med åfå harmoni mellom krava yrka set til dei unge og det høvet den einskilde har til å fylle krava. Den praktiske yrkesorienteringa skal gje elevane eit meir realistisk inntrykk av forholda i arbeidslivet enn det er mogeleg å gje dei i ein skoleklasse. For mange elevar vil kontakten med arbeidslivet også føre til at dei opplever å bli sterkare motiverte for vidare skolearbeid. Dessutan har yrkesorienteringa, både den praktiske og den teoretiske sida, eit meir allment samfunnsorienterande siktepunkt. Yrkesorienteringa må ein derfor ikkje berre sjå i samanheng med framtidig yrke for elevane, men også som ein vesentleg del av opplæringa i samfunnskunnskap. Bak tanken om praktisk yrkesorientering ligg aktivitetsprinsippet. Det har til føresetnad at undervisninga tek sikte på å lære elevane å gjere sjølvstendige åtgåingar og studium også utanfor skoleområdet, og at læraren byggjer vidare på dei røynslene elevane på denne måten gjer. Den mest vanlege forma for praktisk yrkesorientering har til no vore individuell utplassering av elevar i meir eller mindre «ynskte» yrke, der elevane i ei veke har «arbeidd» i yrket. Berre på svært fa stader har elevane vore utplasserte slik i meir enn ei veke i løpet av 8. klasse. Dette har ført til ein heller einsidig og ofte tilfeldig kontakt med arbeidslivet. Elevane blir ofte isolerte, og røynslene og informasjonane dei far, er avhengige av kven dei meir eller mindre tilfeldig kjem i kontakt med. Det blir lite høve for elevane til å fa korrigert åtgåingane sine og drøfta det dei ser og opplever. Kapasiteten til arbeidsformidlinga og skolen bør komme elevane til gode i form av ein breiare kontakt med arbeidslivet. Den teoretiske og den praktiske yrkesorienteringa har ofte hatt lite samband med kvarandre, men i røynda er det to sider av same saka. Alle sider ved emnet bør gjerast så røyndomsnære som mogeleg. Klassifiserer ein sider ved yrkesorienteringa anten som teoretiske eller som praktiske, skaper ein unaudsynte vanskar for å utvikle emnet. Yrkesorienteringa har ein så intim samanheng med personlegdomsutviklinga til elevane og holdninga deira til skole og utdanning, til samfunn og til medmenneske at emnet bør få ein fast plass i undervisningsopplegget.
Skann 66 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 64». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/66/