SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 63 skann 65

63 Hjelp i valsituasjonar. Informasjon observasjon. Kontinuitet Kven gjer tenesta ? Anna rådgjevingspersonale. prøver ved eiga hjelp eller i samarbeid med resten av personalet å løyse dei. Det lagar seg og sosiale problem utanfor klassen eller gruppa, og skolen må oppmuntre elevane til å vise sosialt ansvar også utanfor undervisningstida og prøve å styrkje venskapsbanda og toleransen mellom elevane. Elevar som skifter skole, har ofte eit spesielt behov for råd og rettleiing. Den som skal gje råd til slike elevar, må gjere seg kjend med elevane og situasjonen deira både på skolen dei kom frå og skolen dei er komne til. På dette grunnlaget må ein gje råd om kva som bør gjerast for at elevane skal finne seg til rette i det nye skolemiljøet. Skolen vil dg møte elevar som treng hjelp i alvorlegare tilfelle av fagleg/metodisk, sosial eller kjensleprega art, til dømes sterk evneretardasjon, alvorlege tilpassingsvanskar, konstitusjonell og funksjonell veikskap. Her gjeld det oppgåver som ofte må løysast av personar med spesialutdanning, og som i alle tilfelle krev tid ut over det ein kan rekne med at faglærarar og klasseforstandar til vanleg disponerer. Elevane og dei føresette må fleire gonger i skoletida gjere ymse val. Dei må få råd og hjelp i valsituasjonane, t.d. når skolegangen tek til, ved val av fag og eventuelt faggrupper på 7., 8. og 9. klassesteget, ved utplassering i yrkeslivet og når dei skal velje utdanning etter grunnskolen. Ei god sosialpedagogisk teneste må skje på grunnlag av fyldig kjennskap til elevane. Noko av denne informasjonen får ein ved å observere eleven i undervisningssituasjonen. Med utgangspunkt i slike opplysningar kan læraren både gje direkte råd og rettleiing til elevane sine, og vurdere om eleven treng hjelp ut over dei høva ein har til å gje hjelp i den vanlege klassesituasjonen. Skal ein løyse desse oppgåvene, krevst det blant anna at både elevar og føresette får grundig informasjon. Det må understrekast at råda ikkje må oppfattast som påbod, men som hjelp og rettleiing. Det må leggjast vekt på kontinuitet i denne tenesta. Ein elev og hans føresette må ikkje få kjensle av at problema til eleven blir tilfeldig fordelte på fleire personar. Det er viktig at eleven og dei føresette ser samanhengen mellom dei råd som ulike personar gjev. Det krevst derfor eit nært samarbeid mellom dei personane som har kontakt med eleven. Den sosialpedagogiske teneste er ei oppgåve for alle lærarar, styraren og andre som arbeider i skolen. På dei lågare klassestega står klassestyraren sentralt i forholdet mellom elev, heim og skole. Han står for det meste av rådgjevinga, eller som formidlar av råd og rettleiing som andre gjev. På dei høgare klassestega, der elevane møter fleire lærarar gjennom faglærarsystemet, bør hovudansvaret framleis kvile på ein person, i første rekkje klassestyraren. Dette kan vere ynskjeleg fordi klassestyraren oftast har mange timar i klassen og kjenner eleven best, og fordi samarbeidet med eleven på dette området kan styrkje og utvide den personlege kontakten. På dei skolane der det er sosialpedagog/rådgjevar, har han ansvaret for ein del av tenesta, og det vil ofte vere naturleg at vedkommande er koordinerande ledd for råd og rettleiing som andre gjev. Det kan og reise seg problem som krev ein særleg innsikt. Ein må da søkje hjelp hos anna rådgjevingspersonale, t.d. pedagogisk rådgjevar, psykologisk rådgjevar, lege, yrkesrettleiar 0.1. Alle grunnskolar må derfor ha høve til å få hjelp frå ei særskild rådgjevingsteneste.
Skann 65 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 63». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/65/