SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 62 skann 64

Sosialpedagogisk teneste/ rådgjeving Hjelp og råd i det vanlege skolearbeidet. Hjelp til sosial tilpassing og personleg utvikling. I skolen er det ikkje råd å dra ei skarp grense mellom undervisning og oppseding på den eine sida og sosialpedagogisk teneste/rådgjeving på den andre. Alle elevar treng i større eller mindre mon råd og rettleiing frå skolen, og alle lærarar i grunnskolen må vere sosialpedagogar/rådgjevarar for elevane sine og for dei føresette til elevane. Før eit barn tek til på skolen, skal det vere høve til å fa råd i spørsmål om skolegangen. Når barnet er ferdig med skolegangen, skal det på tilsvarande måte vere høve til å få råd i spørsmål som gjeld vidare utdanning og yrke. Gjennom heile skoletida skal elevane og dei føresette kunne vende seg til skolen og be om råd i spørsmål som gjeld skolegangen og den personlege utviklinga til elevane. Den sosialpedagogiske tenesta skal omfatte hjelp og råd i det vanlege skolearbeidet, hjelp til sosial tilpassing og personleg utvikling og råd ved val av fag og val av vidare utdanning etter grunnskolen. Elevane treng hjelp i arbeidet med fagstoff og oppgåver, både på skolen og heime. Desse rådgjevingsfunksjonane går stort sett i eitt med differensieringsog individualiseringstiltaka. Sjølv med eit variert tilbod av lærestoff, læremiddel og arbeidsmåtar kan ein i den vanlege undervisninga sjeldan ta seg nok av alle elevane og gje dei den stønad som dei har behov for. Somme elevar krev tiltak av spesiell art, fordi dei t.d. ikkje er mogne nok til sjølvstendig arbeid, og derfor treng meir tilsyn og hjelp enn læraren normalt kan gje dei, eller fordi det naturlege arbeidstempoet deira vik sterkt av frå klassen elles. Sjå kapitlet om differensiering. Vanskane til elevane heng ofte saman med det sosiale miljøet i skolen. Den sosialpedagogiske tenesta må derfor heile tida ha merksemda retta mot heile skolemiljøet og arbeide for å gje alle elevar gode vilkår for utvikling og trivsel. Elevane treng hjelp til sosial tilpassing i skolemiljøet, til løysing av problem i forholdet til kameratar, til lærarar og administrasjon og til føresette. Både når ein vurderer klassesituasjonen generelt, og når det gjeld visse arbeidsoppgåver, er det naudsynt at elevane har god kontakt med kvarandre og samarbeider. At elevane trivst og utviklar eit godt sosialt miljø i klassen eller gruppa er svært viktig. På alle klassesteg må ein gje hjelp til sosial tilpassing. Det er viktig at læraren er innstilt på å oppdage dei konfliktane som lagar seg, og at han
Skann 64 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 62». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/64/