SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 61 skann 63

61 Resultatet av vurderinga. Munnleg form. Skriftleg form. Innhaldet i meldingane. Vurdering som informasjon om arbeidet på skolen. Systematiske observasjonar som grunnlag for vurderinga. saka. Den daglege og uformelle vurderinga av elevane har mykje å seie. Om læraren er velnøgd eller misnøgd, vil da gå fram av mimikk og andletsuttrykk, det læraren seier når han forklarer noko eller eventuelt tek opp att ei forklaring osv. Det er derfor viktig at læraren er merksam på den verknad han såleis kan ha på elevane. Det er ynskjeleg at ein i heile grunnskolen gjer vurderingsresultata kjende for elevane munnleg, og at det skjer så fortruleg som forholda krev i kvart tilfelle. Det same gjeld når ein gjev dei føresette kjennskap til slike resultat. I tillegg til munnlege meldingar må skolen også skriftleg gje opplysningar om dei oppfatningar ein har komme fram til i sine vurderingar. Ein kan gje opplysningane på særskilde meldingskort, eller i fritt forma fråsegner. Alle meldingar av dette slaget skal i første rekkje vere til dei føresette åt elevane. Meldingane må vere så opplysande som mogeleg om korleis skolen ser på arbeidet og utviklinga til vedkommande elev. Ein må peike på både veike og sterke sider, og det på ein slik måte at det kan vere til direkte rettleiing både når det gjeld undervisning og oppseding. Meldingane bør ha med ei utsegn om orden og åtferd. Vurdering av einskildelevar, grupper og klassar vil oftast gje verdfull informasjon om arbeidet på skolen og. Læraren og skolen far greie på om miljø, arbeid og undervisning er i samsvar med dei mål skolen har sett seg, og med dei føresetnader elevane har. All prøving, observasjon og vurdering bør gje utgangspunkt for justering av elevbehandling og metodar, og gje grunnlag for vidare pedagogisk utviklingsarbeid. Sidan vurderinga i stor mon må byggje på subjektive inntrykk, er det viktig at ho mest mogeleg skjer på grunnlag av systematiske observasjonar.
Skann 63 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 61». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/63/