SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 60 skann 62

60 skolen prøver å gjere seg opp ei meining om evner og anlegg og andre personlege eigenskapar hos elevane, som når han vurderer arbeidet i skolefaga. Det elevane far vite, bør vere praktisk rettleiande for dei. Særleg når det gjeld arbeidet med faga, bør dei orienterast så presist som mogeleg om kvar kreftene bør setjast inn. Men skal det kunne skje, er det naudsynt at elevane blir vurderte ikkje berre ut frå dei mål ein så vidt mogeleg skal nå, men dg ut frå dei føresetnader elevane har for å nå dei. Opplysning om faktisk standpunkt. Di høgare elevane kjem oppover i skolen, di meir naudsynt er det at vurderinga også fortel om kor langt dei har nådd i utvikling og i arbeidet med faga. Både for elevane sjølv, for dei føresette og for skolen er det av interesse å fa vite dette. Ved overgangen frå grunnskolen til arbeidslivet eller til andre skolar er det særleg naudsynt med opplysningar om kva standpunkt elevane står på. I forhold til medelevane. Når standpunktet skal avgjerast, er det ikkje den einskilde eleven, men prestasjonane til alle elevane under eitt som skal vurderast i høve til definerte mål eller oppgjevne normer. Ein må sjå den einskilde eleven i forhold til medelevane, slik at hans standpunkt blir oppgjeve i forhold til deira. Dette har igjen si årsak i at grunnskolen er ein skole for alle, slik at ein ikkje kan setje definitive krav til kvar einskild elev. Hjelpemiddel ved vurderinga. Når formålet med ei vurdering er å prøve å fastsetje det faktiske nivået til elevane i dei ulike fag, vil det til vanleg vere naudsynt å gje dei spesielt utarbeidde sett av spørsmål, oppgåver, øvingar 0.1. Slike sett er viktige ved ei rekkje andre vurderingar og. Derfor er det i fleire av fagplanane gjeve råd om utarbeiding av slike hjelpemiddel. Hjelpemiddel som er ferdig utforma og offentleg tilgjengelege, bør sjølvsagt brukast dersom dei er formålstenlege i den aktuelle vurderinga. Dette gjeld både vurdering av kunnskap og dugleik og av evner og anlegg. Ei vurdering av standpunkt i dei ulike faga bør aldri einsidig gå på den kunnskap og dugleik elevane har tileigna seg. Så vidt mogeleg bør vurderinga og seie noko om korleis dei arbeider i faget, om dei kan bruke dei vanlege hjelperådene i faget og kor rasjonelt dei går til verks når dei skal løyse ei oppgåve. Når ein arbeider ut prøver til bruk ved ei vurdering, er det spesielt viktig å hugse at arbeids- og læreprosessen i seg sjølv bør vurderast, ikkje berre dei resultat han gjev i form av dugleik og kunnskap. Ein må vere merksam på at vurderinga verkar tilbake på arbeidet til elevane. Freistnaden på å lære elevane å arbeide planfast og sjølvstendig kan vanskeleg føre fram dersom ikkje skolen sjølv verdset det planfaste og sjølvstendige elevarbeidet. Vurdering av arbeidsprosessen . Når skolen skal vurdere orden og åtferd hos elevane, må ein avgrense seg til ytre, synlege forhold. Ved ei slik vurdering og må ein ta omsyn til dei føresetnader som eleven har. Ei djuparegåande gransking av karakter- og personlegdomstrekk kan det ikkje bli tale om. Ved vurdering av åtferd bør ein leggje vekt på at eleven er venleg, omsynsfull, samarbeidsvillig og høfleg overfor medelevar, lærarar og andre. Ei vurdering av orden bør vere ei vurdering av kor presise elevane er, kor godt dei tek vare på eigen og andre sin eigedom, skolesaker, inventaret på skolen 0.1. , kor flinke dei er til å rydde og halde det pent og reint, og kor oversiktleg og greitt dei gjer sitt skriftlege arbeid. Når slike forhold skal vurderast, bør det skje i samarbeid mellom alle dei lærarane som kjenner elevane. Vurdering av orden og åtferd. Korleis ein skal uttrykkje eit vurderingsresultat, er ei viktig side ved
Skann 62 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 60». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/62/