SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 59 skann 61

Vurdering Det er ein viktig del av oppgava til skolen å vurdere utvikling og framgang hos elevane. Vurderinga må gjelde evner og anlegg og i det heile kva føresetnader elevane har for arbeidet i skolen. Ho må gjelde evna til å tileigne seg kunnskap og dugleik, arbeidsinnsats og arbeidsmåtar. Orden og åtferd hos elevane må vurderast uavhengig av fagleg standpunkt. Vurdering - ei viktig og allsidig oppgåve. All vurdering må så langt råd er, harmonere med dei mål som er sette for skolegangen. Vurderinga innanfor dei einskilde faga må dessutan vere i best mogeleg samsvar med dei spesielle måla som er sette for vedkommande fag. Dersom det ved vurderinga ikkje blir teke omsyn til eitt eller fleire av måla, vil dei snart tape sin verdi for både elevar og lærarar. Omvendt vil dei måla som ein legg stor vekt på ved vurderinga, bli tilsvarande viktige for begge partar. Vurderinga kan såleis seiast å gje ei nærmare presisering av dei måla skolen prøver å nå. Det er særleg viktig å vere merksam på at vurderinga opplyser elevane om kva skolen eigentleg vil, om det skolen meiner er særleg verdfullt på dei ulike fagområde, og om dei verdiane som skolen generelt vil prøve å fremme. Mål og vurdering. Det elevane mest direkte far opplysning om ved vurderinga, er likevel ikkje kva mål skolen set seg, men korleis elevane sjølv, deira prestasjonar, deira oppførsel osv. blir vurderte i høve til måla. Dei får altså først og fremst opplysningar om seg sjølv. Men da er det viktig at dei opplysningane dei får, blir til hjelp for dei både når det gjeld framgang i skolefaga og personleg utvikling. Dersom ei vurdering skal bli til nytte for elevane, kan ho ikkje berre gå ut frå oppstilte mål. Varierande føresetnader for å nå måla må og takast med i vurderinga. Slik må det vere fordi grunnskolen er ein skole for alle, ikkje ein skole for elevar som er utvalde med tanke på ferdig oppstilte undervisnings- og oppsedingsmål. Elevane får opplysningar om seg sjølv. Ved si vurdering bør skolen stimulere ei naturleg sjølvkjensle hos elevane. Vurderinga bør like lite gje dei for store som for små tankar om seg sjølv. Dei elevane som står lengst tilbake i høve til sine medelevar, har likevel eit særleg behov for hjelp til å utvikle ei sunn tillit til seg sjølv, til sine eigne evner og sjansar. Dette må ein først og fremst ha for auge i den vurderinga som er ein naturleg del av den daglege undervisninga og oppsedinga. Vurdering og sjølvtillit. Når skolen gjer elevane kjende med si vurdering, bør han og gje råd og rettleiing i dei forhold som blir vurderte. Dette gjeld like mykje når Vurdering og rådgjeving.
Skann 61 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 59». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/61/