SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 58 skann 60

58 ORDNING, REGISTRERING OG PLASSERING AV LÆREMIDDEL Skal ein få full nytte av læremidla i skolearbeidet, er det naudsynt at både lærarar og elevar veit kvar dei finst og at dei er lette å fa tak i. Registrering av læremiddel. Det er behov for registrering av læremiddel etter både fag og læremiddeltype. Registreringssystemet må ha opplysningar om det pedagogiske formålet med læremidlet og om korleis dei ulike apparata skal brukast. Lær em iddelsen ter . Kvar skole har behov for eit læremiddelsenter der ein del av læremidla på skolen er samla. Dette må ikkje vere til hinder for at læremidla i kortare eller lengre tid finst der dei er lettast tilgjengelege for dei som skal bruke dei. Eit læremiddelsenter bør og ha plass til skriving, mangfalding og framstelling av hjelpemiddel som lærarane sjølv lagar. Utstyr i klasserom. Klasserommet må ha fast utstyr av dei læremidla som er mest i bruk i undervisninga. I alle klasserom bør det vere eit klassebibliotek, som blir fornya når det trengst. I spesialrom og aktivitetsrom må alle læremiddel for faget, også turvande handbøker og faglitteratur, ha sin plass. «Opne skolar» set spesielle krav til læremiddel og inventar, og til plassering av læremidla. Sjølv om ein del av læremidla blir plasserte i eiga avdeling eller eige rom (mediatek), er det viktig at dei læremidla som ein bruker ofte, har sin plass i skolelandskapet. Skolebibliotek. Skolebiblioteket er ein viktig del av læremidla ved skolen. Når ein skal finne lærestoffet ikkje berre i lærebøkene, men i det samla bokforrådet ved skolen, blir skolebiblioteket eit uunnverleg hjelpemiddel i det daglege arbeidet. Lærarbibliotek. Lærarbiblioteket er svært viktig for arbeidet til lærarane. Det må fornyast etter kvart og fordelast på arbeidsromma til lærarane, på klasserom, aktivitets- og spesialrom etter behov. Tilsyn med læremiddel. I reglement for grunnskolen finn ein nærmare retningslinjer for tilsyn o.m. med læremiddel og samlingar.
Skann 60 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 58». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/60/