SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 57 skann 59

57 måtar. Viktig er det og at trykte læremiddel blir utstyrte med lærar- og elevrettleiingar, utfyllande lesnad, øvingar 0.m., slik at dei gjev elevane høve til å arbeide på eiga hand, og på den måten hjelper til med den individualisering og det samarbeid som trengst i skolearbeidet. Lydmateriale. I skolearbeidet er det og behov for lydmateriale til ulike formål, t.d. som informasjons- og illustrasjonsmateriale, eller som øvingsmateriale i språkundervisninga. Det er rimeleg å vente at kombinasjonar av bilete, lyd og tekst vil få meir og meir å seie i skolearbeidet, bl. a. som middel til å demonstrere og forklare prosessar (t.d. i naturfaga), til å presentere miljø og levandegjere stoff av ulike slag. Eit innlæringsstudio (språklaboratorium) er eit slikt kombinert hjelpemiddel som først og fremst har til oppgåve å gje praktisk trening, ofte ved hjelp av vanskegraden, programmert materiale. Særleg i språkundervisninga kan eit innlæringsstudio gje elevane betre høve til taletrening enn klasseundervisninga kan. Innlæringsstudio . Andre læremiddel. Ein kan nemne andre læremiddel som reiskap, verkty, maskinar, instrument, apparat, materiell for demonstrasjonar og elevøvingar, audiovisuelt utstyr av ymse slag som bandspelar, platespelar, biletframvisar, skriftprosjektør, radio- og fjernsynsapparat, filmframvisar 0.1. Ei rekkje innreiingsartiklar som ymse slag tavler og innbu kan og reknast som læremiddel. Det same gjeld forbruksartiklar som frie skolesaker. Med tanke på meir individualisering av undervisninga har ein i seinare tid lagt ei viss vekt på å arbeide ut såkalla material-metodesystem. På grunnlag av ein analyse av undervisningsmåla og føresetnadene hos elevane byggjer ein opp eit system av materiale, metodar og arbeidsordningar som ein prøver ut til ein får det best mogeleg. Material-metodesystem. Material-metodesystemet inneheld både lærar- og elevrettleiingar. Fullt utbygd gjer eit slikt læremiddelsystem det mogeleg for elevane å nå ulike mål, å arbeide på ulike måtar og i ulikt tempo. Dessutan kan dei skifte mellom undervisning av lærar og undervisning formidla ved hjelp av individuelt arbeid og gruppearbeid. Dette systemet har likevel ei klår avgrensing i forhold til den totale målsettinga for skolen, og er dessutan så ressurskrevjande at det berre i mindre grad vil kunne nyttast i undervisninga. Studiep akkar . Det finst også andre variantar av læremiddelsystem, t.d. dei såkalla «studiepakkar». I ein slik pakke er det til vanleg ei rettleiing for læraren, ei grunnbok for elevane, arbeidsbøker eller arbeidsark til individuelt arbeid og ulike kombinasjonar av auditivt og visuelt materiale til bruk i samla klasse eller for kvar elev. Til pakken høyrer oftast ei avsluttande prøve. Særleg pedagogisk verdfulle er hjelpemiddel som elevane lagar sjølv. Læremiddel laga av elevane. Skolen bør sjå det som ei oppgåve å hjelpe og stimulere elevane i arbeidet med å lage tekst-, bilet- og lydmateriale m.m. til bruk i undervisninga. I dei ulike fagplanane finn ein oversikter over dei læremiddel som det kan vere bruk for i undervisninga i faget, og dessutan visse råd om bruken av læremidla. Oversikt over læremiddel i fagplanane.
Skann 59 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 57». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/59/